Kva er skjønnlitteratur?
Desse fagomgrepa blir brukte i teksten:
- Fiktiv
- Fiktiv betyr noko som ikkje er sant.
- Forfattar
- Ein forfattar er ein person som lever av å skrive tekstar.
Skjønnlitteratur er tekstar som er oppdikta. Det betyr at innhaldet i tekstane ikkje er sant. Forfattaren har laga ei historie for å underhalde, lære deg noko eller fortelje noko anna hen synest er viktig.
Fiktivt innhald
Eit ord du kan lære deg, er fiktiv. Når vi seier at ei historie er fiktiv, betyr det at ho ikkje er sann.
Betyr det at ingenting i skjønnlitteratur er sant? Nei, det stemmer ikkje. Det finst mykje skjønnlitteratur som kan handle om noko som har skjedd i verkelegheita, men når ein forfattar skriv skjønnlitteratur, vil hen at du skal lese det som oppdikta.
Eit anna ord som er fint å kunne, er sjanger. Vi seier at vi kan dele inn skjønnlitteratur i ulike sjangrar (ein sjanger – fleire sjangrar). Her er dei mest vanlege sjangrane i skjønnlitteratur:
Episke tekstar
Episke tekstar blir òg kalla "forteljande litteratur". Du kan tenke deg at episke tekstar er forteljingar.
Roman
Ein type episk tekst er romanen. Viss du seier at du "har lese ei bok", så er det nok ein roman du tenker på. Ein roman er ein lang tekst som er fiktiv. Ein roman kan ofte ha mange karakterar (personar). Handlinga går ofte over lang tid, men ho treng ikkje det.
Novelle
Novella liknar på romanen, men er kortare. Vanlegvis er det ikkje så mange personar med i novella. Det er òg vanleg at handlinga går over kort tid. Sidan tekstane er korte, har dei ofte eit tema du må lese mellom linjene. Å lese mellom linjene betyr at du må tolke teksten for å finne ut kva forfattaren vil fortelje deg.
Eventyr
Eventyr finst i dei fleste land. I gamle dagar blei eventyr fortalde munnleg, men i dag har vi skrive dei ned. Det er typisk for eventyr at dei handlar om noko overnaturleg, som til dømes hekser og troll.
Noko anna som er typisk for eventyr, er at dei følger reglar. Til dømes kan det vere at noko skjer tre gonger, eller at dei startar med orda "Det var ein gong".
Lyriske tekstar (dikt)
Dikt, eller lyriske tekstar, er tekstar som ofte har strofer og verselinjer. Når du les dei høgt, vil du legge merke til at dei òg har ein rytme. Ofte er dei korte og beskriv ei stemning eller ei kjensle.
Høyrer du mykje på musikk? Songtekstar er døme på lyriske tekstar som det er sett musikk til.
Dramatiske tekstar (skodespel/drama)
Den siste typen skjønnlitterær tekst du bør kjenne til, er skodespelet eller dramaet. Skodespel blir skrivne av ein forfattar i ei bok, så du kan gjerne lese dramatiske tekstar. I tillegg er det vanleg at dei blir sette opp på eit teater og blir spelte på ein scene.