Hopp til innhald
Oppgåve

Beskriv og lag personskildringar

Forstå forskjellen på direkte og indirekte personskildring ved å lese tekstar og skrive sjølv.

Før du gjer desse oppgåvene, bør du lese fagartikkelen "Personskildring".

Oppgåve 1. Direkte personskildring

  1. Start med å lese eit døme på ei direkte personskildring. Under ser du ei direkte personskildring av Gunnlaug Ormstunge frå Sagaen om Gunnlaug Ormstunge.

  2. Prøv å lage ei direkte personskildring av nokon du kjenner godt (ingen i klasserommet). Du skal beskrive både utsjånaden og denne personen har.

Det er sagt om Gunnlaug at han var tidlig voksen og stor og sterk, og hadde lysebrunt hår som falt pent. Han var, med litt stygg nese, men hadde et pent ansikt, var smal rundt magen og hadde brede skuldre. Han var tidlig ivrig, tøff og hard i alt, en stor, men laget gjerneog ble kalt Gunnlaug Ormstunge. (Forenkla og modernisert av NDLA)

Oppgåve 2. Indirekte personskildring

Les teksten "To venninner på kafé" som du finn under.

  1. Korleis vil du beskrive "ho-personen"? Diskuter med ein medelev.

  2. Forklar kvifor de beskreiv ho-personen som de gjorde. Marker setningar i teksten og prøv å forklare korleis måten teksten er skriven på, indirekte skildrar "ho".

  3. Lag ei indirekte personskildring av din eigen karakter. Du kan lage ein karakter sjølv eller beskrive nokon du kjenner (ingen i klasserommet). Hugs at målet er å få fram korleis karakteren er utan at du seier det direkte.

    Du skal vise korleis karakteren er gjennom

    • utsjånad

    • måten hen oppfører seg på

  4. I grupper (eller par): Les personskildringane for kvarandre. Når ein av dykk les personskildringa si, skal dei andre diskutere kva inntrykk dei får av denne karakteren. Lykkast du med å få fram det du ville?

To venninner på kafé

– Og så fortalde han meg at han syntest eg var fantastisk, sa ho for tredje gong på ein time. – Han har berre blitt så forelska i meg! Ho smilte og blunka med dei falske vippene over heile kinnet.

– Men han har vel kjæraste, eller ...? sa eg varsamt.

– Ja ja, but is he happy ...? sa ho, og botoxleppene breidde seg over dei kunstige kvite tennene. Ho kikka over til nabobordet der det sat eit par gutar. Så trekte ho genseren nedover skuldrene slik at sprekken mellom brysta blei endå lengre.

– Eh ... sa eg. – Men eg må fortelje deg noko ... Aslak ... Han gjorde det slutt.

– Vil du ha litt meir å ete? Eg trur eg tek eit kakestykke til.

– Han fortalde nemleg at ...

Ho tok etter mobilen og opna Snapchat. Så heldt ho skjermen opp mot ansiktet mens munnen gjorde seg klar for den fjortande selfien for dagen. Då ho såg nærare på biletet, smilte ho, skreiv noko og la det ut, slik at alle kunne sjå det.

– Det er berre så utruleg kjedeleg, sa eg.

– Mmm ... Sjå! No har han sendt meg nakenbilete!