Finn forteljaren!
Før du gjer desse oppgåvene, er det lurt å lese fagartikkelen "Forteljar og synsvinkel".
Sit i par. Over ser de dei fire bileta frå fagartikkelen "Forteljar og synsvinkel."
Sjå gjennom bileta og diskuter dei eitt etter eitt. Diskuter kva forteljaren og synsvinkelen heiter, og korleis denne fungerer i ein tekst. Slå opp i fagartikkelen viss de ikkje hugsar.
Skriv ei historie om ein gut som skal ha ein vanskeleg prøve og gruer seg (skriv cirka fem setningar). De skal skrive historia på fire ulike måtar. Bruk dei fire ulike forteljarane/synsvinklane de har lært meir om.
Set dykk saman med eit anna par. Les tekstane de skreiv i oppgåve B høgt for kvarandre. Gjett kva forteljar og synsvinkel som er brukt i teksten.
Diskuter korleis val av forteljar/synsvinkel påverkar tekstane de skreiv.
Sit i grupper. No skal de lese to ulike tekstar høgt i gruppa. Byt på å lese høgt. For kvar tekst skal de diskutere desse spørsmåla:
Kva forteljar/synsvinkel er brukt?
Kva funksjon har det at forfattaren har valt nettopp denne synsvinkelen?
Utdrag 1: Tante Ulrikkes vei av Zeshan Shakar
Les utdrag 1 frå Tante Ulrikkes vei.
Hjelpespørsmål:
Karakteriser forteljaren (Jamal).
Kva verkemiddel bruker forfattaren for å vise kven Jamal er?
Kvifor trur de forfattaren har valt det språket han har gjort til forteljaren?
Utdrag 2: "Gutten" av Margaret Skjelbred
Les dei fem første avsnitta av novella "Gutten" av Margaret Skjelbred (ned til "Du kan komme og bo her, vet du!").
Hjelpespørsmål:
Får de sympati med guten (forteljaren)? Korleis får i så fall forfattaren til det?
Forteljaren er ein liten gut. Korleis viser språket dette?