Hopp til innhald
Fagartikkel

Spenningskurva i skjønnlitteratur

Lær meir om korleis forfattarar lagar spenning.

Dette er del av ein læringssti om komposisjon. Finn første steget ved å gå til artikkelen "Korleis startar forteljinga?"

Før du les

Desse fagomgrepa blir brukte i fagartikkelen:

Roman
Ein roman er eit døme på skjønnlitteratur, altså litteratur som er oppdikta (ikkje sann). Ofte blir romanar gitt ut som eigne bøker.
Novelle
Ei novelle er òg eit døme på oppdikta litteratur (skjønnlitteratur). Noveller pleier å vere kortare enn romanar. Ofte inneheld ei bok fleire noveller (novellesamling).
Karakter
Ein karakter er ein person i skjønnlitteratur.
Konflikt
Ein konflikt er det som driv handlinga framover i historia.
Spenningskurve
Spenningskurva er ein måte å beskrive kvar historia blir mest spennande, og kvar ho er roleg.
Høgdepunkt
Høgdepunktet er den delen av historia der konflikten er på det mest spennande.
Vendepunkt
Vendepunktet er der det skjer noko som gjer at alt forandrar seg.

Konflikten

Dei fleste romanar og forteljingar har ein konflikt. Ein konflikt i ei forteljing er det som driv handlinga framover. Du kan òg seie at konflikten er det problemet som skal løysast i historia.

Konflikten kan vere ein ytre konflikt, til dømes mellom det vonde og det gode. Det kan òg vere ein indre konflikt hos Kanskje ein karakter slit med eit val eller med å akseptere seg sjølv? Ein annan vanleg konflikt i historier er kjærleikskonfliktar: To menneske er forelska, men ulike årsaker gjer at dei ikkje kan få kvarandre. Korleis endar konflikten? Vil det forelska paret få kvarandre til slutt?

Høgdepunkt

Ofte vil konflikten i historia ha eit eller fleire høgdepunkt. Det vil seie at historia har ein spenningstopp. Ein spenningstopp er den staden i historia der det skjer noko ekstra eller spennande. Til dømes kan teksten nå eit høgdepunkt mot slutten. Etter høgdepunktet kan konflikten bli løyst eller roe seg.

Vendepunkt

Vendepunkt er hendingar som gjer at handlinga tek ein ny, ofte uventa retning som tvingar karakterane til å gjere noko. Vendepunkt kan vere samtidig med spenningstoppar, men dei treng ikkje å vere det.

Flat spenningskurve

over viser korleis spenningskurva har vore i tradisjonell litteratur og film. I moderne tekstar er det ganske vanleg med ei flat spenningskurve. Det betyr at det ikkje er noko tydeleg høgdepunkt eller vendepunkt. Kanskje forfattaren heller vil beskrive ei enn å lage ei dramatisk historie?

I novella "Arbeidsnever" av Jan Kristoffer Dale ønsker forfattaren å vise at hovudpersonen Trygve har ein jobb og eit privatliv som han ikkje er så fornøgd med. Livet hans er. Dale bruker ei flat spenningskurve i novella for å få fram dette.

Gå vidare i læringsstien for å teikne spenningskurva i eventyret "Dei tre bukkane Bruse".

Relatert innhald