Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Komposisjon

Oppgåve

Utforsk kronologi i skjønnlitteratur

I desse oppgåvene skal de jobbe saman om å utforske komposisjonen i ulike tekstar.

Dette er fjerde trinnet i ein læringssti om komposisjon. Finn første trinnet ved å gå til fagartikkelen "Korleis startar forteljinga?"

Kronologien i Tante Ulrikkes vei

Ordforklaringar til romanutdraget

I delar av utdraget er det brukt multietnolekt. Det er ein måte å snakke på som er typisk for ungdommar med bakgrunn frå andre land enn Noreg (men òg for somme norske ungdommar). Under ser du nokre døme på typiske slangord som er typiske for multietnolekten som blir brukt i Tante Ulrikkes vei.

Kæber
slang for "jenter"
Tishar
slang for "ein dårleg mann"
Rhymes
rim
Tæze
slang for "dårleg"
Kæze
slang for "banke opp"
Sjofe
slang for "å sjå" og "sjekke"
Ghetto
ein bydel der det bur mange fattige
Blæste
slang, her: spele høg lyd

Tante Ulrikkes vei er ein roman av Zeshan Shakar. Romanen er bygd opp av intervju med to gutar, Mo og Jamal. Dei er begge omtrent 16 år og bur i Tante Ulrikkes vei i Groruddalen, eit område i Oslo med mange innvandrarar og barn av innvandrarar.

  1. Les utdraget frå Tante Ulrikkes vei. Utdraget har ordforklaringar som skal hjelpe deg til å forstå innhaldet.

  2. Diskuter kva for nokre omgrep frå fagartikkelen om kronologi de vil bruke om forteljemåtane i Tante Ulrikkes vei.

  3. Kva funksjon meiner de Shakars forteljemåte har?

Litt hjelp?
  1. Mo og Jamal er like gamle, bur på same stad og har same bakgrunn. Likevel verkar dei veldig ulike. Korleis viser Shakar dette?

  2. Begge hovudpersonane fortel om forholdet sitt til Stovner i tilbakeblikk. Kva seier desse tilbakeblikka om identiteten deira?

Gå vidare i læringsstien for å lære meir om spenningskurva i skjønnlitteratur.

Relatert innhald

CC BY-SA 4.0Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 19.04.2024