Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Er vi i mennesket sin tidsalder?

Oppgåve

Er teknologi løysinga?

I dag lever folk flest mykje lenger og betre enn for 200 år sidan. Samtidig er vi er inne i ei tid der vi bruker for mykje av ressursane i naturen og har for høge klimagassutslepp. Kan teknologi hjelpe oss til å bli meir berekraftige, også med korleis vi bruker naturen?

Oppgåve 1: Førebuing

Reflekter over dei følgande spørsmåla før du lyttar til podkasten. Skriv ned nokre stikkord for deg sjølv til kvart spørsmål.

  1. Kva er teknologi?

  2. Kva teknologiar er viktige for deg i kvardagen din? Skriv ned minst fem ulike.

  3. Kan ein teknologi vere berekraftig? Kvifor, eller kvifor ikkje?

  4. Korleis kan teknologi og teknologisk utvikling bidra til å gjere verda meir berekraftig?

Hender som styrer ein robot frå ein skjerm. Foto.

Teknologi som del av løysinga

Kva er teknologi? Og er teknologi ein del av løysinga når verda skal bli berekraftig? Eller skaper nye produkt og teknologiar berre nye problem? Vi høyrer først med forskar Erling Holden, før vi snakk...

0:00
-0:00
Podkast: Både Og AS / CC BY-SA 4.0

Oppgåve 2: Individuell refleksjon etter lytting

  1. Sjå over svara du skreiv i den første oppgåva. Er det nokon av dei du ønsker å fylle ut litt meir, no som du har høyrt podkasten, eller har du endra meining om nokon av dei?

  2. I podkasten blir bilen nemnd som eit døme. Bruk to–tre ulike døme, og reflekter over om det er slik at alle teknologiar har nokre negative konsekvensar som gjeld berekraftig utvikling.

  3. Kva tenker du om solcelleindustrien? Er den berre berekraftig, eller har også denne teknologien nokon utfordringar knytt til berekraft? Vurder den gjerne opp imot alle dei tre dimensjonane ved berekraftig utvikling.


Oppgåve 3: Diskuter påstandar i grupper

Gå saman i grupper på tre til fem elevar, og diskuter påstandane under. Skriv ned nokre stikkord til kvar påstand, og pass på at de prøver å sjå saka frå fleire sider.

  1. Teknologi i seg sjølv er ikkje nok om verda skal bli berekraftig.

  2. Det finst teknologiar som ikkje har nokon negative konsekvensar for klimaet.

  3. Teknologi er ein viktig del av løysinga om verda skal bli berekraftig.

  4. Solcelleteknologien er berekraftig.

  5. Det at den gjennomsnittlege levealderen i Noreg steig med over 35 år i løpet av 200 år, frå 1820 til 2020, er hovudsakleg på grunn av teknologisk utvikling.

Oppgåve 4: Diskuter vidare i grupper

Mange meiner at vi no er i antropocen – menneskets tidsalder. Og akkurat no bruker vi ikkje naturen på ein berekraftig måte.

  1. Diskuter korleis vi gjennom teknologiske løysingar kan bruke naturen på ein meir berekraftig måte.

  2. Kom med forslag til tre nye, konkrete løysingar der teknologi hjelper oss til å bruke naturen meir berekraftig.

Oppgåve 5: Avslutt i plenum

Viss de får tid, er det fint å avslutte i plenum.

  1. La gruppene dele nokre døme på svara frå oppgåve 1 og 2, og reflekter litt rundt desse i plenum.

  2. La gruppene seie litt om korleis dei resonnerte rundt påstandane i oppgåve 3.

  3. La gruppene kort presentere ei løysing for korleis teknologi kan bidra til at vi bruker naturen på ein meir berekraftig måte.