Hopp til innhald

Fagstoff

Den store akselerasjonen

Perioden frå rundt 1950 og fram til i dag blir kalla den store akselerasjonen fordi mange ulike faktorar har forandra seg i løpet av perioden. Vi skal no sjå nærare på kva dette eigentleg betyr.
Mange konteinarar i ulike fargar på rekke og rad i eit hamneområde. Flyfoto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Store endringar etter den industrielle revolusjonen

Sidan rundt 1950 har mange faktorar i samfunnet forandra seg, og påverknaden på naturen har vore stor. Befolkningstalet har mangedobla seg, bilar har blitt allemannseige, og internett finst over heile verda. Påverknaden på natur gjennom klimagassutslepp, tap av den tropiske regnskogen og storleiken på påbygde landområde har blitt større. Dessutan blir det forska meir enn nokon gong. Vitskap ligg til grunn for teknologien som øydelegg naturen. Samtidig hjelper vitskapen oss til å forstå korleis naturen fungerer, og korleis vi kan rette opp feila våre.

Denne utviklinga kan sporast tilbake til den industrielle revolusjonen på 1700- og 1800-talet, men i løpet av 1900- og 2000-talet har farten på utviklinga berre auka og auka. Denne ekstreme forvandlinga av verda er noko av bakgrunnen for at fleire meiner vi er inne i ein ny geologisk tidsepoke: antropocen – mennesket sin tidsalder.

Relatert innhald

I denne artikkelen kan du lese meir om mennesket sin tidsalder – antropocen. Kva inneber antropocen eigentleg, og stemmer det at vi er i antropocen no?

Den store akselerasjonen

Omgrepet den store akselerasjonen blir brukt fordi vi har sett ei akselerering i utviklinga av mange ulike faktorar. Når noko akselererer, aukar farten. Det har altså ikkje berre vore ein auke på mange område, men sjølve veksten har òg auka. Då seier vi at det har gått føre seg ein akselerasjon.

Viss eit geografisk område har hatt ein befolkningsvekst på 1 million eit år, har det ikkje berre blitt 1 million fleire menneske året etter, men kanskje 1,5 millionar. Då har ikkje området berre ein befolkningsvekst, men ein akselererande befolkningsvekst. Under ser du døme på ulike faktorar som både har auka og akselerert i omfang i løpet av perioden frå rundt år 1950.

Døme

Her er eit utval av ulike grafar som viser ein stor vekst i perioden frå rundt 1950.

Tenk over

  • Har akselerasjonen stoppa for nokon av desse grafane, og eventuelt når var det?

  • Er det mange andre ting som ikkje har auka mykje i perioden?

  • Er det rett å kalle perioden for den store akselerasjonen?

CC BY-SASkrive av Hans Græsli.
Sist fagleg oppdatert 23.06.2022

Læringsressursar

Antropocen – mennesket sin tidsalder