Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Når starta antropocen?

Ved slutten av den siste istida, for ca. 12 000 år sidan, starta den geologiske epoken holocen. No meiner nokon at vi er inne i ein ny epoke – mennesket sin tidsalder –antropocen.
To hender held planeten jorda. Jordkloden har eit kart med grøne landområde og blått hav. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Antropocen og geologiske epokar

Antropocen betyr "mennesket sin tidalder" og er foreslått av enkelte forskarar som namnet på ein ny geologisk epoke. Geologiske tidsaldrar eller epokar er inndelingar av sjølve jorda si historie – på same måten som vi deler inn mennesket si historie i ulike epokar som antikken og mellomalderen. Mennesket, homo sapiens, utvikla seg under den geologiske perioden pleistocen, som mellom anna var prega av istider. Istidene forma jorda på fleire måtar, noko som er spesielt tydeleg i Noreg med fjordane og U-dalane våre. Men kan menneske forandre jorda på ein slik måte at vi er inne i ein heilt ny geologisk tidsalder?

Når starta antropocen?

Tenk deg at du skal argumentere for at vi er inne i ein ny geologisk tidsalder. Bruk det du kan om mennesket si historie knytt til ressursbruk og teknologiutvikling. Når er det rett å setje startpunktet for antropocen?

  • Finn 2–3 aktuelle kandidatar til startpunkt for antropocen.

  • Set opp nokre argument for dei ulike kandidatane.

  • Samanlikn med ein medelev og diskuter dei ulike argumenta.

  • Bli einige om kva som er det beste alternativet.

  • Oppsummer og diskuter i plenum.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 26.04.2023

Læringsressursar

Antropocen – mennesket sin tidsalder