Teknologiutvikling i din og familien sin kvardag
I dag tek du kanskje teknologien for gitt, men kva er historia bak den teknologien du bruker, og korleis utvikla han seg fram til slik vi kjenner han i dag? Til dømes er ikkje mobiltelefonen veldig ny i historisk samanheng. Kva var det første dømet på at folk kunne ta kontakt med kvarandre utan å skrive brev?
Vel deg tre ting som du bruker i kvardagen, og som på ein eller annan måte er prega av teknologi.
Kvifor valde du nettopp desse tre tinga? Forklar.
Utforsk deretter historia bak desse tre tinga. Klarer du å finne ut når dei dukka opp for første gong?
Korleis vart dei brukte før?
Når du har valt dine ting, spør du nokon andre i familien din kva dei rekna som den viktigaste nye teknologien då dei vaks opp.
Viss du har moglegheit til å spørje slektningar som høyrer til besteforeldregenerasjonen eller er endå eldre, vil du nok oppleve endå større forskjellar på kva som var nytt og spennande då dei var unge, samanlikna med i dag.