Hopp til innhald
Oppgåve

Naturen i møte med ny teknologi

Den teknologiske utviklinga gir oss nye utfordringar og moglegheiter. Stadig større naturområde blir tekne over av menneske, og mange artar er trua med utrydjing. Korleis kan vi ta vare på verdien av naturen og sørgje for ei berekraftig utvikling i framtida?

Oppgåve 1. Miljøansvaret vårt

Sjå filmen og svar på spørsmåla:

Video: Film_konsulentene / CC BY-NC-SA 4.0
  1. Kor stort ansvar har jentene på filmen for arbeidsforholda til dei som produserer mobiltelefonane deira, og for miljø- og klimautsleppa mobiltelefonane deira skaper?

  2. Ved hjelp av mobilen og datateknologi kan jentene få auka innsikt i arbeidsforholda til dei som produserer det dei kjøper. Gir denne kunnskapen dei eit større moralsk ansvar for det dei kjøper?

  3. Diskuter kor stor makt vi som forbrukarar har til å påverke klima-, miljø- og arbeidsforhold i andre land.

  4. Kor mykje meir ville de vore villige til å betale for ein mobiltelefon de visste var produsert på ein forsvarleg og miljøvennleg måte?


Oppgåve 2. Berekraftig utvikling

Sjå filmen og diskuter spørsmåla:

Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0
  1. Kva tre hovuddimensjonar har berekraftig utvikling?

  2. Kvifor er det viktig å sjå dei ulike dimensjonane i samanheng? Gi minst to konkrete døme på kvifor dette kan vere viktig.

  3. Korleis kan ny teknologi bidra til å oppfylle alle dei tre dimensjonane ved berekraftig utvikling? Gi nokre konkrete døme.

  4. Vel eit døme på ei ny form for teknologi som de trur kan bidra til berekraftig utvikling. Diskuter om denne teknologien kan bidra til å skape berekraftig utvikling langs alle dei tre dimensjonane?

Oppgåve 3. Nedbygging av naturen

Dei siste 50 åra har det skjedd ein dramatisk nedgang i dyrebestanden og artsmangfaldet i verda. Ifølgje FN har 75 % prosent av landområda i verda blitt betydeleg forandra av menneske, og ein million artar står i fare for å bli utrydda. Korleis kan vi ta vare på verdien av naturen i møte med konkrete utbyggingsinteresser?

  1. Kva for eit moralsk ansvar har mennesket for å ta vare utryddingstrua artar? Grunngi svaret.

  2. Finn ei konkret sak der det er ein konflikt mellom dei som ønskjer å byggje ut og dei som ønskjer å verne ein utryddingstrua art eller eit naturområde. Sjå tips til aktuelle saker under. Gi ei kort beskriving av saka.

  3. Kva interesser står mot kvarandre i denne konkrete saka?

  4. Kva for ulike løysingar finst det på konflikten?

  5. Diskuter i kva grad dei ulike løysingane tek vare på naturen sin . Reflekter over dei teknologiske sidene av konflikten:

    • I kva grad har teknologiske endringar vore med på å skape denne konflikten?

    • I kva grad kan utviklinga av ny teknologi bidra til å løyse konflikten?

  6. Kva kan vi gjere for å hindre denne typen konfliktar i framtida?

Konfliktar mellom miljø og utbygging:

NRK: Sjeldan mosedott hindrar bankplass på

NRK: Sommerfugl stopper utbygging

NRK: Vindmøller på Øyfjellet

Naturvernforbundet: Vadefuglen svarthalespove på Jæren

Nea Radio: Ingen utbygging i Garbergelva

Kilde

FN (2019, 8 mai). FNs naturpanel: Menneskelig aktivitet truer eksistensen til én million arter. FN-Sambandet. https://www.fn.no/nyheter/fns-naturpanel-menneskelig-aktivitet-truer-eksistensen-til-en-million-arter