Hopp til innhald

Tverrfaglege tema

Dei tre tverrfaglege temaa i læreplanverket tek utgangspunkt i aktuelle samfunnsutfordringar som krev engasjement og innsats frå einskildmenneske og fellesskapet i lokalsamfunnet, nasjonalt og globalt.

Berekraftig utvikling

Berekraftig utvikling som tverrfagleg tema skal gjere deg i stand til å forstå utfordringane vi står overfor, og gi deg verktøy, slik at du kan bidra til å løyse dei. Miljø, økonomi og sosiale forhold blir knytte saman i problemstillingar som handlar om mellom anna klima, forbruk og teknologi.

Menneske og teknologi

Opp gjennom historia har vi utvikla teknologi som har løyst mange problem for oss. Slik vil det vere i framtida òg – på same tid som teknologiutvikling kan skape nye problem. Med kunnskap om teknologi kan vi forstå og løyse problema, og bruke han til å få ei berekraftig utvikling.

5 caser