Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Innleiing

CC BY-NC-SA

I denne læringsstien skal du få lære meir om omgrepet antropocen, og korleis vi menneske forvaltar jordkloden. Kan vi gjere dette berekraftig, og kan teknologi hjelpe oss med det?

Læringsmål:

Når du har jobba med denne læringsstien, skal du kunne

  • forklare omgrepa teknologi, antropocen og den store akselerasjonen
  • diskutere om det er rett å seie at vi no er inne i mennesket sin tidsalder
  • vurdere om nærmiljøet ditt i stor eller liten grad er prega av menneskeleg aktivitet
  • reflektere over korleis teknologi kan hjelpe oss å bli meir berekraftige, og kva for utfordringar teknologisk utvikling kan skape