Innleiing
CC BY-NC-SA 4.0I denne læringsstien skal du få lære meir om omgrepet antropocen, og korleis vi menneske forvaltar jordkloden. Kan vi gjere dette berekraftig, og kan teknologi hjelpe oss med det?
Læringsmål:
Når du har jobba med denne læringsstien, skal du kunne
- forklare omgrepa teknologi, antropocen og den store akselerasjonen
- diskutere om det er rett å seie at vi no er inne i mennesket sin tidsalder
- vurdere om nærmiljøet ditt i stor eller liten grad er prega av menneskeleg aktivitet
- reflektere over korleis teknologi kan hjelpe oss å bli meir berekraftige, og kva for utfordringar teknologisk utvikling kan skape