Hopp til innhald

Fagstoff

Antropocen – mennesket sin tidsalder

Vi menneske formar i dag om jorda i større grad enn naturen sine eigne krefter. Fleire meiner derfor at vi har komme inn i mennesket sin tidsalder – antropocen. Korleis skal vi klare å bruke jorda og naturressursane på ein berekraftig måte?
Plastflasker og anna søppel ligg utover ei strand. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er antropocen?

Sjølve omgrepet antropocen kan setjast om til "mennesket sin tidsalder". Ordet er sett saman av antropo, som kjem av det greske anthropos – "menneske", og cen, som er ei ending som blir brukt i namn på geologiske tidsepokar. Vi kallar tida vi er inne i, for antropocen for å understreke at vi menneske ikkje bruker naturen på ein berekraftig måte, og at det vi gjer, påverkar plantar, dyr og økosystem i enormt stor grad.

Det er ikkje enkelt å fastslå heilt nøyaktig når antropocen byrja. Nokre meiner at antropocen starta då menneske byrja å bevege på seg og mange artar døydde ut, til dømes då menneska kom til Amerika for rundt 12 000 år sidan. Andre vil seie at antropocen starta med den industrielle revolusjonen, som har ført til at vi menneske har forma om stadig større delar av jordkloden. Eit tredje forslag er at antropocen starta med kjernefysisk tid på midten av 1900-talet, då radioaktive stoff vart spreidde og dermed kunne setje geologiske spor i berggrunnen.

I 2024 vart det vedteke å ikkje innføre antropocen som ein geologisk tidsperiode (Kjørstad, 2024). Likevel blir omgrepet brukt innan mange fagfelt om den tida vi lever i no, fordi det beskriv godt kor mykje menneska påverkar jorda. Til dømes flyttar menneske på ti gonger meir masse enn det naturlege prosessar gjer i året (Jones & King, 2023).

Mennesket – herre over jorda?

Antropocen handlar om at vi menneske no i stor grad har klart å temme jorda. I mesteparten av tida menneske har levd på jorda, har vi levd som jegerar og sankarar. Vi har vore nøydde til å leve med naturkreftene og tilpasse oss dei. Over tid har vi lært å kontrollere elden, pløye marka og temme og avle fram dyr. Illustrasjonen under viser kor mange husdyr det er i forhold til ville pattedyr på jorda.

Illustrasjon med 100 små kvadrat. Kvart kvadrat har ein egen farge og eit symbol som representerer eit pattedyr. Framstillinga viser at av den totale biomassen av alle pattedyra i 2015 var 62 prosent husdyr, 34 prosent menneske og 4 prosent ville dyr. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dessverre bruker vi ikkje jorda på ein berekraftig måte i dag. Vi har både for store klimagassutslepp og for stort – det vil seie at vi bruker meir natur enn det som finst. Og sjølv om talet på barnefødslar i verda no ikkje aukar, vil vi bli fleire menneske på jorda dei næraste tiåra.

Vi er avhengige av naturen

Dei fleste er einige i at menneske har verdi i seg sjølv. Når noko har verdi, uavhengig av om det er nyttig for nokon andre, seier vi at det har . Kva med naturen? Er han verdifull fordi han er nyttig for oss, eller har han ein eigenverdi?

va med naturen? Er han verdifull fordi han er nyttig for oss, eller har han ein eigenverdi? Uansett kva vi meiner om dette, er naturen avgjerande for korleis menneske har det. Vi menneske er heilt avhengige av naturen og økosystema i han for å skaffe oss mat og vatn, for at plantar skal pollinerast, og for å bremse klimaendringane. Vi er rett og slett avhengige av tenester naturen gir oss. Dette kan vi kalle .

Dette er òg utgangspunktet for at fleire meiner vi bør dele inn FNs berekraftsmål etter kva som er viktigast, i den såkalla bryllaupskakemodellen. I bryllaupskakemodellen blir dei berekraftsmåla som handlar om natur, rekna som dei mest grunnleggande. Klarer vi ikkje å nå desse måla, vil vi heller ikkje klare å nå dei andre berekraftsmåla, fordi naturen er heilt vesentleg for vårt.

Korleis går det eigentleg med naturen?

Folk flest i verda lever lenger og har det betre, for det går faktisk ganske bra med verda. Men når det gjeld natur og miljø, er vi dessverre inne i ei negativ utvikling. Sjølv om vi menneske stadig klarer å kontrollere meir av naturen – til dømes ved å produsere meir mat på mindre område – går det ikkje like bra med naturen.

Det biologiske mangfaldet er på mange måtar livsgrunnlaget vårt. I 2019 kom FNs naturpanel med den første hovudrapporten sin. Dette er ein såkalla , der dei systematisk har teke for seg 15 000 akademiske rapportar og kjelder. Forskarar reknar med at det finst omtrent åtte millionar artar, og at ein million av desse no står i fare for å bli utrydda. Det er heilt naturleg at artar døyr ut, men no skjer det i eit unaturleg høgt tempo. Faktisk reknar vi med at artsutryddinga no går føre seg mellom ti og hundre tusen gonger fortare enn nokon gong i menneska si historie (Tvedt, 2019).

Bileta under viser eit område vest for Kristiansand. Her vart Grauthellerkrysset på E39 ferdigstilt i 2023. Som du ser, kan vegbygging føre til av mykje natur. Er det andre ting vi menneske gjer som går ut over naturen?

Årsaka til at artar er utrydningstrua, og at det blir færre individ innan kvar art, er menneskeleg påverknad. Til dømes er 75 prosent av landjorda i betydeleg grad forandra av menneske. Skogar er blitt til åkrar, område er drukna i demningar, og vi bygger hytter og vegar i det som tidlegare var urørt natur. Dette naturtapet må vi gjere noko med i løpet av dei næraste åra. Heldigvis er det mange nasjonar og organisasjonar som no jobbar aktivt med desse utfordringane.

Årsaka til naturtap ifølge FNs naturpanel, i rangert rekkefølge

  1. Forandra arealbruk får vi fordi vi hogger ned skog for å dyrke andre plantar og bygger store demningar og hus, hytter og vegar i naturen.

  2. Overforbruk av dyre- og planteartar får vi fordi vi fiskar for mykje eller skyt for mange av ein art.

  3. Klimaendringar er skapte av oss menneske.

  4. Forureining skjer fordi plast hamnar i naturen, eller industriavfall blir dumpa i elvar, sjø og hav utan å bli reinsa.

  5. Spreiing av framande artar skjer fordi vi har innført framande artar som utkonkurrerer det lokale biologiske mangfaldet.

Døma som er gitt over, er berre nokre av fleire døme som høyrer inn under kvart av punkta.

Vi er avhengige av samarbeid

For å orda på ein god måte er vi menneske avhengige av å jobbe godt saman. Heldigvis er vi usedvanleg gode på å samarbeide og finne løysingar saman. Vi har no fleire internasjonale avtalar knytte til klima, natur og miljø.

FNs berekraftsmål gjeld alle FNs 193 land, og fleire av berekraftsmåla dreier seg om å ta betre vare på naturen. Store internasjonale avtalar påverkar òg politikken i dei ulike nasjonane. Dermed får vi både lover og reglar, skattar og avgifter og støtteordningar som gjer det enklare for menneske og samfunn å leve berekraftig. I tillegg jobbar næringslivet mot å bli meir berekraftig og fordi stadig fleire ønsker å kjøpe berekraftige produkt.

Vi får håpe at vi menneske klarer å forvalte naturen på ein god måte, anten vi er inne i mennesket sin tidsalder eller ikkje.

Viktige omgrep i denne artikkelen

Antropocen
er det vi kallar den perioden vi er inne i no, der mennesket påverkar jordkloden i veldig stor grad.
Økosystemtenester
er alle dei goda og tenestene vi får frå naturen og økosystema i dag. Vi må ta vare på naturen for at han skal kunne gi oss desse goda og tenestene, til dømes rein luft, insekt som pollinerer, og tømmer frå skogen.
Livsgrunnlag
er det ein art treng for å leve. Vi menneske er for til dømes avhengige av mange ulike økosystemtenester frå naturen.
Metastudie
er ein stor studie der forskarar tek for seg mange enkeltstudiar og ser på kva dei til saman seier om eit tema. Metastudiar er derfor meir truverdige enn enkeltstudiar.
Nedbygging
er det som skjer når vi menneske bygger vegar, hus, hytter og andre ting i område som tidlegare var naturområde.
Økologisk fotavtrykk
er eit mål på kor mykje du og eg påverkar naturen. Eit høgt økologisk fotavtrykk er ikkje berekraftig.
Forvalte
er å styre bruken av noko. I denne samanhengen handlar det om korleis vi forvaltar naturen, altså styrer korleis vi skal bruke naturen rundt oss.
Sirkulære produkt
er laga på ein måte som gjer at vi kan bruke dei ulike delane om og om igjen. På den måten treng vi ikkje å hente ut like mykje tømmer frå skogen eller mineral frå berggrunnen. Panteflaskar er eit døme på eit sirkulært produkt.

Kjelder

Bregman, R. (2020). Folk flest er gode. Spartacus.

Delsett, L. L. & Hofstad, K. (2021, 16. juni). Antropocen. I Store norske leksikon. https://snl.no/antropocen

Jones, A. & King, N. (2023, 12. juni). The materials used by humans now weigh more than all life on Earth – here’s four graphs that reveal our staggering impact on the planet. The Conversation. https://theconversation.com/the-materials-used-by-humans-now-weigh-more-than-all-life-on-earth-heres-four-graphs-that-reveal-our-staggering-impact-on-the-planet-206720

Kjørstad, E. (2024, 11. mars). Lever vi en ny epoke kalt antropocen? Nei, stemte geologer. forskning.no. https://www.forskning.no/klima-miljo/lever-vi-en-ny-epoke-kalt-antropocen-nei-stemte-geologer/2335263

Mjaaland, M. T., Eriksen, T. H. & Hessen, D. H. (2024). Antropocen. En introduksjon til menneskets tidsalder. I Mjaaland, M. T., Eriksen, T. H. & Hessen, D. H. (Red.), Antropocen. Menneskets tidsalder (1.utg., s. 7–29). Res Publica.

Molstad, A. (2016). Menneskets tidsalder. Aftenposten Innsikt 17(11), 18–33.

Nakrem, H. & Giæver, J. (2021, 20. desember). Utryddelse. I Store norske leksikon. https://snl.no/utryddelse

Tvedt, K. (2019, 8. mai). FNs naturpanel: Menneskelig aktivitet truer eksistensen til én million arter. FN-sambandet. https://www.fn.no/nyheter/fns-naturpanel-menneskelig-aktivitet-truer-eksistensen-til-en-million-arter

Relatert innhald

I denne artikkelen blir du kjend med bryllaupskakemodellen. Han deler FNs berekraftsmål i ulike kategoriar og definerer nokre mål som viktigare enn andre.

CC BY-SASkrive av Hans Græsli.
Sist fagleg oppdatert 16.04.2024

Læringsressursar

Antropocen – mennesket sin tidsalder