Hopp til innhald

Fagstoff

Bryllaupskakemodellen

Er alle 17 av FNs berekraftsmål like viktige, eller er det nokre mål som er viktigare og meir grunnleggande enn andre? Her blir du kjend med bryllaupskakemodellen, som er ein måte å sortere og presentere berekraftsmåla på.
Ikon for dei 17 temaa i FNs berekraftsmål. Illustrasjon.

Mange mål og delmål

FNs berekraftsmål består av 17 mål og 169 delmål. Når det er så mange mål, kan det vere vanskeleg å halde oversikt og bestemme kva ein skal gjere noko med. Alle måla og delmåla er naturlegvis viktige, men ein person, ei bedrift, ein kommune eller eit land klarer ikkje å gjere noko med alle desse måla og delmåla på ein gong. Derfor må vi kanskje velje det som er viktigast for oss, prøve å gjere noko med det og samtidig prøve å unngå å påverke dei andre måla på ein negativ måte.

Nokre mål er viktigare enn andre

Kva trur du denne modellen prøver å vise?

Modell som liknar ei bryllaupskake med tre lag. Det nedste laget er merkt klima og miljø, det midtarste laget er merkt sosiale forhold, og det øvste laget er merkt økonomi. Kvadrat med kvart sitt berekraftsmål er plassert rundt kaka. Kvart kvadrat har sin eigen farge som korresponderer med ein del av kaka. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I utgangspunktet er alle FNs berekraftsmål likestilte; ingen mål er viktigare enn andre. Men forskarar ved Stockholm Resilience Centre har laga ein modell kalla bryllaupskakemodellen, som viser at nokre mål faktisk er viktigare og meir grunnleggande enn andre. Planeten vår har nemleg nokre tolegrenser, og derfor må berekraftsmåla som handlar om å bevare naturen og miljøet og å stoppe klimaendringane, bli sette først. Vi kan ikkje gå utover tolegrensene til planeten, for det vil føre til konsekvensar som vil gjere det vanskeleg for oss menneske å leve her.

Modellen viser òg at dei ulike berekraftsmåla heng saman og er avhengige av kvarandre. Om vi skal bidra til ei berekraftig utvikling, kan vi derfor ikkje berre velje oss eitt mål og ikkje bry oss om dei andre. Dersom vi til dømes skal klare å ha ansvarleg forbruk og produksjon (mål nummer 12), må vi ha rein energi (mål nummer 7). Dersom vi skal produsere rein energi på ein måte som bidreg til berekraftig utvikling, må det hjelpe til med å stoppe klimaendringane (mål nummer 13), og det bør ikkje gå utover livet på land (mål nummer 15) eller livet i havet (mål nummer 14).

Dei tre laga i bryllaupskakemodellen

Det er vanleg å dele inn berekraftig utvikling i tre dimensjonar: klima og miljø, sosiale forhold og økonomi. Kvar av desse tre dimensjonane er representerte ved kvart sitt nivå eller lag i bryllaupskakemodellen.

Berekraftsmåla som er knytte til klima og miljø, er plasserte nedst ende for å vise at dei er mest grunnleggande. Dei er altså basen eller fundamentet til kaka. Den sosiale og økonomiske utviklinga må gå føre seg innanfor tolegrensene til planeten. Vi kan derfor seie at dei fire måla som handlar om klima og miljø, er de viktigaste og mest grunnleggande av alle dei 17 berekraftsmåla.

Det neste nivået i bryllaupskaka bygger på klima og miljø og handlar om samfunnet og sosiale forhold. Det er viktig at utviklinga innanfor desse måla ikkje går utover klima og miljø.

Øvst i bryllaupskaka har vi økonomi. Når vi skal oppnå berekraftsmåla for økonomi, må det gå føre seg på ein slik måte at måla for sosiale forhold og for klima og miljø òg blir oppfylte. Økonomien bygger på og er avhengig av dei to andre nivåa i modellen. Samtidig kan økonomien òg innrettast på ein sånn måte at det hjelper oss til å oppnå dei andre berekraftsmåla.

Bruk den interaktive presentasjonen eller den skriftlege framstillinga under for å studere nivåa i bryllaupskakemodellen nærare. I den interaktive presentasjonen går det an å trykke på eit berekraftsmål for å forstørre det.

Dei 17 berekraftsmåla i bryllaupskakemodellen

Kaka har tre lag.

Det nedste laget i kaka

Her er måla som handlar om klima og miljø, plasserte.

  • Berekraftsmål 15: Livet på land

  • Berekraftsmål 14: Livet i havet

  • Berekraftsmål 6: Reint vatn og gode sanitærforhold

  • Berekraftsmål 13: Stoppe klimaendringane

Det midtarste laget i kaka

Her er måla som handlar om sosiale forhold, plasserte.

  • Berekraftsmål 1: Utrydde fattigdom

  • Berekraftsmål 11: Berekraftige byar og lokalsamfunn

  • Berekraftsmål 16: Fred, rettferd og velfungerande institusjonar

  • Berekraftsmål 7: Rein energi til alle

  • Berekraftsmål 3: God helse og livskvalitet

  • Berekraftsmål 4: God utdanning

  • Berekraftsmål 5: Likestilling mellom kjønna

  • Berekraftsmål 2: Utrydde svolt

Det øvste laget i kaka

Her er måla som handlar om økonomi, plasserte.

  • Berekraftsmål 8: Anstendig arbeid og økonomisk vekst

  • Berekraftsmål 9: Industri, innovasjon og infrastruktur

  • Berekraftsmål 10: Mindre ulikskap

  • Berekraftsmål 12: Ansvarleg forbruk og produksjon

Over kaka

Over sjølve kaka er berekraftsmål 17, samarbeid for å nå måla, plassert. Frå dette går det ei pil nedover gjennom heile kaka for å illustrere at dette er eit gjennomgåande mål som det må jobbast med heile tida dersom vi skal lykkast med dei andre måla.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Hans Græsli.
Sist fagleg oppdatert 20.05.2022

Læringsressursar

Grøn vekst eller nedvekst?