Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Er grøn vekst mogleg?

CC BY

Kan vi ha økonomisk vekst i ei berekraftig framtid, eller må vi ha nedvekst for at verdas utvikling skal vere berekraftig? I denne læringsstien skal du bli kjend med argumenta for begge sider av saken, og kanskje klarer du å gjere deg opp ei meining sjølv.

Læringsmål:

Når du har jobba med denne læringsstien, skal du kunne

  • forklare kva som er meint med grøn vekst
  • forklare kva som er meint med nedvekst
  • forklare omgrepet frikopling
  • argumentere både for at grøn vekst er mest i tråd med ei berekraftig utvikling, og for at nedvekst er mest i tråd med ei berekraftig utvikling