Er grøn vekst mogleg?
Ein av dei største konfliktane internt i miljørørsla handlar om grøn vekst. Er det mogleg med framleis auka velstand og rikdom i verda samtidig som vi lever på ein berekraftig måte? Eller er vi nøydde til å redusere forbruket og akseptere ein nedgang i levestandarden for å redde miljøet?
I denne oppgåva skal du utforske argument for og mot grøn vekst, vege dei mot kvarandre og komme med din eigen konklusjon.
Les blogginnlegget "Grønn vekst er mulig og ønskelig" av Per Espen Stoknes på Energi og Klima sine nettsider og svar på spørsmåla under. Det kan vere lurt å løyse oppgåvene etter kvart som du les, sidan dei kan hjelpe deg å forstå teksten.
- Stoknes er kritisk til "grå vekst". Kva legg han i dette omgrepet? Gi nokre døme på grå vekst.
- Stoknes meiner "grøn vekst" er mogleg og ønskjeleg. Kva legg han i dette omgrepet? Gi nokre døme på grøn vekst.
- Korleis ser Stoknes for seg at den grøne veksten skal ta over for den grå?
- Resesjon er det motsette av økonomisk vekst. Kva er ifølgje Stoknes dei negative konsekvensane av ein resesjon?
Les debattinnlegget "Det er umulig å nå klimamålene uten å redusere den økonomiske veksten" av Carlo Aal i Aftenposten og svar på spørsmåla under.
- Kvifor meiner Aal at det er den økonomiske veksten som er sjølve rota til klimaproblemet?
- Kva er ifølgje Aal grunnen til at teknologi åleine ikkje kan redde oss?
- Kva tiltak, ved sida av teknologi, er nødvendige for å redde klimaet, ifølgje Aal?
Saml dei viktigaste argumenta frå artiklane og prøv å formulere din eigen konklusjon.