Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Podkast: Grøn vekst eller nedvekst?

Kan vi halde fram med å tene pengar og samtidig redde verda? Er ein grøn vekst mogleg, eller treng vi ein nedvekst for å kunne skape ei berekraftig framtid?

Marie Storli og Olav Bjerke Soldal har ulike syn på grøn vekst. I denne podkasten leier Berit Boman ein samtale mellom dei to, som viser forskjellar og likskapar mellom dei ulike syna deira på grøn vekst.

Svar på desse spørsmåla før du lyttar:

  1. Kva er berekraftig utvikling, og kva tre dimensjonar av omgrepet snakkar ein om?

  2. Kva trur du ligg i omgrepa grøn vekst og nedvekst/motvekst?

Logo for podkastserie. Kvinne og mann diskuterer og gestikulerer. Øvst er det ei snakkeboble med tittelen "Samsnakk". Illustrasjon.
Samsnakk

Grøn vekst eller nedvekst?

Er ein grøn vekst mogleg? Eller må vi gå bort frå idéen om vekst og heller satse på nedvekst om vi skal skape ei berekraftig utvikling? Programleiar Berit Boman snakkar med Marie Storli og Olav Bjerke...

0:00
-0:00

Oppgåver til podkasten:

  1. Kva betyr omgrepa marknadsøkonomi, blandingsøkonomi og planøkonomi? (Dei to første blir nemnde i podkasten.)

  2. Kva betyr grøn vekst, og kva er frikopling?

  3. Kva handlar nedvekst/motvekst om?

  4. Korleis kan økonomisk vekst bidra til ei berekraftig utvikling?

  5. Det blir nemnt nokre døme på løysingar som bidreg til økonomisk vekst utan at ein aukar produksjonen av ting. Klarer du å komme på fleire døme på slike løysingar?


Refleksjonsoppgåve:

Målet er at utviklinga i samfunnet skal ta omsyn til alle dei tre dimensjonane ved berekraftig utvikling. Treng vi økonomisk vekst for å få til dette? Er det mogleg å kople økonomisk vekst og belastninga på naturen og miljøet frå kvarandre? Eller må vi ha nedvekst for å skape ei berekraftig utvikling?

Skriv eit refleksjonsnotat på rundt 300 ord der du reflekterer rundt desse spørsmåla. Korleis skal vi skape ein mest mogleg berekraftig framtid for alle, på ein best mogleg måte?

CC BY-SASkrive av Hans Græsli.
Sist fagleg oppdatert 01.04.2022

Læringsressursar

Grøn vekst eller nedvekst?