Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Evig vekst?

Kan vi kople vekst frå utslepp og miljøavtrykk og på den måten satse på ein evig grøn vekst?

Sjå videoen under frå NRK.

Oppgåver

  1. Harald Eia kjem inn på noko som blir kalla frikopling, utan å forklare det nærare. Frikopling handlar om at den økonomiske veksten er skild frå miljøbelastninga, eller bruken av naturressursar. Forklar dette med eigne ord, og bruk gjerne døme frå videoen.

  2. Kvifor er det så stor forskjell på om vi ser på verda samla sett eller på enkeltland når vi ser på samanhengen mellom økonomisk vekst og CO2-utslepp?

  3. Nedvekst kan definerast som ein reduksjon i produksjon og forbruk. Trur du nordmenn kan ha eit godt liv utan meir vekst, og trur du vi vil akseptere nedvekst?


Drøftingsoppgåve

Er vi nøydde til å ha nedvekst, eller kan vi også ha ein grøn vekst for å kunne skape ei berekraftig utvikling framover?

Skriv ein kort tekst der du reflekterer rundt dette. Finn og presenter argument for begge sider av saka, og gjer deg opp ei meining sjølv, som du skriv til slutt i teksten.

Relatert innhald

I denne artikkelen blir du kjend med bryllaupskakemodellen. Han deler FNs berekraftsmål i ulike kategoriar og definerer nokre mål som viktigare enn andre.

CC BY-SASkrive av Hans Græsli.
Sist fagleg oppdatert 23.05.2022

Læringsressursar

Grøn vekst eller nedvekst?