Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Antropocen i nærmiljøet ditt?

I denne oppgåva skal du vurdere om det er mogleg å sjå korleis antropocen, mennesket sin tidsalder, har endra nærmiljøet ditt.

Spor etter mennesket sin tidsalder?

Bileta over viser store endringar av landskapet på grunn av bygging av ny E39 vest for Kristiansand. Her ser vi tydeleg at menneske har endra landskapet. No skal du finne spor etter antropocen, mennesket sin tidsalder, i nærmiljøet ditt.

Oppgåve

I denne oppgåva skal du bruke artikkelen "Antropocen – mennesket sin tidsalder" til å vurdere ditt eige nærmiljø.

  • Finn eit konkret område i nærmiljøet ditt som du vil sjå nærare på.

  • Diskuter i kor stor grad området er prega av menneskeleg påverknad og mennesket sin tidsalder.

  • Er det blitt gjort store menneskelege inngrep som har endra naturen og landskapet dei siste åra?

  • Er området i stor eller lita grad prega av antropocen?

Bruk kjeldene under eller andre kjelder. Kombiner gjerne desse med å ta eigne bilete og lage eigne skildringar av korleis områda ser ut i dag. Lag ein presentasjon eller ein og presenter svaret ditt.

Forslag til kjelder du kan bruke

Norgeibilder.no: Zoom inn på området ditt og samanlikn ulike flyfoto frå ulike år.

Digitalarkivet: Finn historiske foto med geografisk sortering.

Munnlege kjelder: Snakk med eldre menneske som kan seie noko om endringane i nærmiljøet ditt.

CC BY-SASkrive av Hans Græsli.
Sist fagleg oppdatert 24.06.2022

Læringsressursar

Antropocen – mennesket sin tidsalder