Hopp til innhald

Fagstoff

Kva formar identiteten vår?

Korleis vil du definere identiteten din? Kva er det som formar oss og gjer oss til dei vi er? Er det dei gena vi arvar frå foreldra og familien vår, eller det forholda vi veks opp under? Det er summen av arv og miljø som dannar identiteten vår.
Jente ser seg sjølv i spegelen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva påverkar oss?

Det er mange faktorar som påverkar identiteten din. Det kan vere kjønn, legning, bustad, religion, etnisitet, utdanning og interesser.

Noko påverkar alle. Det første er kjønn. Foreldre framhevar ofte kjønnsforskjellane ved hjelp av klede som gjer det tydeleg at det er snakk om ein jente- eller guttebaby. Dei fleste små barn er veldig bevisste si eiga kjønnstilhøyrsle.

Eit anna forhold som kan påverke identiteten vår, er kva for livsfase vi er i. Samfunnet sine forventningar til den aldersgruppa du er i, spelar ei viktig rolle. Eit barn formar identiteten sin fram mot ungdomstida. Gjennom tenåra blir barnet frigjort frå foreldra og får meir ansvar. Ofte identifiserer ungdommar seg med andre på same alder.

Utdanning og interesser påverkar korleis vi definerer oss sjølve. Men kanskje er ikkje yrke like viktig i dag som det var tidlegare. Det same gjelder kva for kultur du høyrer til eller kva for etnisitet du har. Viss du er født i Noreg, men har vakse opp i ein heim med foreldre som har innvandra til Noreg, vil det sannsynlegvis påverke identiteten din.

For nokon er det viktigaste kva for kjønn ein er, eller kva for legning ein har. For andre er religion viktig. Vi høyrer alle til ein kultur, men kanskje høyrer til du ein såkalla subkultur, som har eigne normer og reglar. Kanskje er du ikkje først og fremst jente, men identiteten din er sterkast knytt til at du er gamer?

Våre eigne val

Vi formar vår eigen identitet gjennom å velje kven vi skal vere venar med, kva for aktivitetar vi ønskjer eller ikkje ønskjer å halde på med, gjennom utdanning og etter kvart jobb. Vi opplever oss som sjølvstendige og unike menneske som har moglegheit til å forme oss sjølve, til å etablere ein eigen identitet gjennom val av klede, frisyre, handlingar og haldningar.

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen og Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 25.09.2019

Læringsressursar

Puslespelet meg – identiteten min?