Hopp til innhald

Fagstoff

Religiøs identitet

For nokre menneske kan religion vere det å søke ein fellesskap, ved å tilhøyre ein menigheit eller eit religiøst samfunn. For andre kan deira religiøse tru vere ein personleg sak, noko som botnar i ein personleg tru og som definerer deg som person.
Religiøse symboler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Religiøst mangfald er eit trekk ved alle moderne, fleirkulturelle samfunn. Mange politikarar og filosofar har hevda at religionane ville forsvinne av seg sjølv etter kvar som folk blei meir kunnskapsrike og opplyste. I dei tidligare austblokklanda og i Sovjetstaten var det forbod mot religionsutøving i det offentlige rom.

Religion som splittar

Men religionane har ikkje forsvunne verken i aust eller vest. Tvert imot har dei blitt brukte til å mobilisere menneske til uro og opptøyar slik vi såg i samband med striden om muhammed-teikningane då flagg og ambassadar blei brende og dei store demonstrasjonane vi såg mot filmen Innocence of Muslims. Mange hevdar at religionane har blitt sjølve symbolet på store sivilisasjonar som vestlege, muslimske, hinduar, ortodokse og andre.

Den amerikanske statsvitaren, Samuel Huntington, har publisert ei bok om samanstøyt av sivilisasjonane (1996). I denne boka blir religiøs identitet ei forklaring på motsetningar mellom grupperingar som omfattar millionar og til og med ein eller to milliardar menneske.

I boka blir vestleg, muslimsk og hinduistisk sivilisasjon sette opp mot kvarandre. Huntington hevdar at dagens og framtidige konfliktar må forståast ut frå religiøse og kulturelle verdsbilde som «clashar». Men her vil vi hevde at det blir feil om alle andre identitetar og kategoriar skal underleggjast dei religiøse.

  • Har vi berre EIN identitet?
  • Er den religiøse identiteten den viktigaste?

Fleire identitetar

Den indiskfødde nobelprisvinnaren i økonomi, Amartya Sen, går hardt imot Huntingtons forklaring. Sen hevdar, på same måten som vi har gjort i tidlegare artiklar, at identitet er pluralistisk; identitet er samansett av mange identitetar. Menneske kan velje korleis dei vil prioritere blant sine mange identitetar og kva delar av identiteten sin dei ønskjer å gjere gjeldande i bestemte situasjonar.

Ved å tilskrive religiøs identitet: kristen, hinduistisk, muslimsk, med fleire, som om det var den viktigaste identiteten personar har, undergrev Huntington det mangfaldige ved identitetane våre og den valfridommen vi har i forhold til kva identitetar vi gjer gjeldande i ulike relasjonar.

Amartya Sens bakgrunn frå India gjer argumenta hans ekstra interessante. Då den britiske kolonien blei oppløst i 1949, blei folk sorterte etter religion. India blei delt mellom muslimar og hinduar slik at muslimane skulle bu i Vest- og Aust-Pakistan (Siden 1971 Pakistan og Bangladesh), mens hinduane skulle bu i India. Splittinga på grunn av religiøs identifikasjon førde til at mange tusen menneske miste livet i opptøyane som følgde.

Døme

Frå oppveksten sin fortel Amartya Sen ein episode som understrekar hans poeng. Familien hans, som er hinduar, budde i Bengal. Under opptøyane sjangla ein muslim som var dødeleg såra med eit knivstikk, gjennom porten til hagen der familien budde og bad om vatn. Amartya var då elleve år. Han ropte på foreldra sine, og dei fekk mannen til sjukehus.


Familien Sen nølte ikkje med å hjelpe mannen sjølv om dei tilhøyrde ulike religionar. Deira religiøse identitet var ikkje eindimensjonal. For familien Sen var dei alle bengalarar, dei snakka alle det same språket og delte felles historie og kultur. Dei følte at det ikkje var riktig å sortere menneske på bakgrunn av berre éin identitet: religion.

Viktig å sjå på fleire identitetsmarkørar

Dømet kan brukast til å mane til varsemd når det gjeld å fokusere einsidig på ein eller nokre få identitetsmarkørar. Åtvaringa er svært relevant i verda i dag. Vi les om at mens dei kristne utgjorde 25 prosent i Palestina rett etter verdskrigen, er dei i dag reduserte til 2,5 prosent. Dei har på mange måtar blitt forfølgde av jødar og muslimar og har flykta til andre land. Mange av de kristne familiane har røter i Palestina tilbake til tida omkring Jesu fødsel.

I Vest-Europa og i Noreg blir det ofte fokusert på muslimske minoritetar. Det blir veldig lett å generalisere ut frå religiøs tilknyting. Det blir hevda at muslimar er kvinneundertrykkjande, at dei er i fleirtal når det gjeld brotsverk i samfunnet, at dei ikkje godkjenner norsk lov, men vil til dømes ha innført muslimsk sharia-lov.

Men våre muslimske landsmenn er også menn og kvinner, tilhøyrer ulike aldersgrupper, dei er fotballspelarar og - dommarar, musikkelskarar, politisk engasjerte, forbrukarar og medlemmer av mange ulike yrkesgrupper. Som andre nordmenn har dei ulike tilknytingar og gjennom vala sine konstruerer dei identiteten sin på bakgrunn av ulik tilhørsel og gruppeidentitet. Dei har mange ulike interesser og ulik grad av integrasjon i det norske samfunnet.

I Noreg er vi vane med at religion er tru, men for mange minoritetar er religion først og fremst ein identitet. Identitet krev ikkje tru. Det er noko ein er gjennom fødselen sin, på same måten som ein er norsk gjennom relasjonen sin til foreldra.

CC BY-NC-SASkrive av Øyvind Dahl.
Sist fagleg oppdatert 13.12.2018

Læringsressursar

Puslespelet meg – identiteten min?