Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva er den kulturelle identiteten din?

Jobb i par med å definere kulturell identitet, og bruk dette til å utforske dei kulturelle identitetane til kvarandre.
Tre sirklar overlappar kvarandre. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1. Kven er du?

Tenkeskriv eit svar på dette spørsmålet i tre minutt. Dette skal du bruke til å utforske kva som er den kulturelle identiteten din i del 3.

Målet med tenkeskriving er å la penn og tanke flyte fritt, og la det eine ordet utløyse det andre. Slik gjer du det:

  • Penn eller tastatur må vere i rørsle i alle tre minutta.
  • Viss du ikkje kjem på noko å skrive, skriv du spørsmålet (kven er du?) om igjen til noko dukkar opp.
  • Ikkje les det du skriv før du er ferdig.
  • Ikkje slett eller gå tilbake og rett opp noko av det du skriv.

Del 2. Kva er den kulturelle identiteten din?


Omgrepet kulturell identitet er breitt, komplekst og vanskeleg å definere, men det er viktig at du har ein klar idé om kva det kan omfatte. Viss du gjer eit nettsøk på norsk, vil du kanskje oppdage at du ikkje får nokre treff på dette. Søkjer du på engelsk, derimot, får du opp fleire definisjonar på cultural identity.

  1. Vel tre av dei engelske definisjonane som du meiner kjem frå dei mest truverdige kjeldene. Kva har dei til felles? Kva er ulikt? Lag eit venndiagram over orda og omgrepa som blir brukte i definisjonane. Dette består av sirklar som viser kva ord og omgrep som er unike for kvar enkelt definisjon, og så eit område der sirklane overlappar som viser kva dei har felles. Illustrasjonen øvst i denne ressursen viser korleis dette kan sjå ut.
  2. Les artikkelen om kulturell identitet under, og bruk det du finn her, saman med dei engelske definisjonane, til å formulere di eiga forklaring på kva kulturell identitet går ut på.
  3. Del definisjonen din med ein medelev, og bli samd om ei felles forklaring.
  4. Bli samde om 5–10 spørsmål om kulturell identitet som de stiller kvarandre. Gjer taleopptak av intervjuet eller skriv ned svara.
  5. Undersøk dei opne profilane til kvarandre på sosiale medium, og sjå om det er bilete eller innlegg der som uttrykkjer tilhøyrsle til kulturelle fellesskap. Ta skjermbilete, og samle bileta på éin stad.

Relatert innhald

Del 3. Utforsk og diskuter resultatet

  1. Bruk både materialet frå tenkjeskrivinga, intervjuet og sosiale medium til å kartleggje kva som utgjer den kulturelle identiteten til kvarandre.
  2. Oppsummer korleis de oppfattar den kulturelle identiteten til kvarandre. Kjenner du deg igjen i framstillinga til den andre? Grunngi svara.
  3. Diskuter det de har funne:
  • Består dei kulturelle identitetane av fleire ulike kulturelle tilhøyrsler?
  • Overlappar dei med kvarandre, eller er dei klart avskilte delar av kven du er?
  • Er det lett å kombinere dei, eller er dei i motsetning til kvarandre?
  • Har du fått nokre perspektiv på korleis du kommuniserer den kulturelle tilhøyrsla di? Diskuter med ein medelev eller i klassen.


CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 16.09.2020

Læringsressursar

Puslespelet meg – identiteten min?