Fysisk aktivitet, glede og meistring
De skal planleggje og gjennomføre fysiske aktivitetar for medelevar på skulen. Aktivitetane skal leggje til rette for glede og meistring. Vel fysiske aktivitetar som bidreg til samhald og fellesskap. Det kan vere lurt å starte med ein bli-kjend-leik eller namneleik. De finn forslag til ulike typar fysisk aktivitet i relatert innhald, og i kroppsøving har de kanskje fått erfaringar med fysiske aktivitetar de kan nytte. Ver kreative!
Lag ein plan som inneheld
mål (kva de ønskjer å oppnå)
innhald (kva de skal gjere)
metode/arbeidsmåtar (korleis de vil gjere det)
oversikt over hjelpemiddel/utstyr
kven på gruppa som har ansvaret for dei ulike oppgåvene de skal gjennomføre.
Det er viktig at de tenkjer gjennom korleis de kan bidra til å skape motivasjon både før og under aktiviteten, dette må kome tydeleg fram i planen.
Inviter medelevar frå ein annan klasse på skulen. De kan gjennomføre aktivitetane de har planlagt, som stasjonsøvingar.
Del inn klassen de har invitert, i like mange grupper som klassen dykkar er delt inn i.
Kvar gruppe får omtrent 15 minutt på kvar stasjon, deretter roterer gruppene til neste aktivitet. Slik får alle elevane frå den inviterte klassen gjennomført alle aktivitetane.
Vurder gjennomføringa av aktivitetane i gruppa. Ta gjerne utgangspunkt i punkta under når de evaluerer.
- Oppnådde de målet/måla for aktiviteten? Forklar kva som gjekk bra, og kvifor de meiner at dette gjekk bra.
- Kva vil de eventuelt gjere annleis neste gong?
- Kva uttrykk for glede og meistring kom til syne hos elevane undervegs i aktiviteten? Gi konkrete døme.
- Var metodane de valde, føremålstenlege for å nå målet om glede og meistring? Noter eventuelle forslag til kva de kunne gjort annleis.
- Bidrog gjennomføringa av aktivitetane til samhald og fellesskap? Gi konkrete døme og grunngi svaret.
- Korleis bidrog de til å skape engasjement og motivasjon? Gi konkrete døme og grunngi kvifor de meiner det bidrog til engasjement og motivasjon.
- Kva veremåtar og handlingar hos dykk meiner de var viktige for trivsel og tryggleik og til at medelevane følte seg verdifulle? Gi døme og grunngi kvifor de meiner veremåten og handlingane dykkar bidrog positivt.
- Oppstod det nokre problem eller vanskar undervegs? I så fall: Korleis handterte de dette, og kva vil de eventuelt gjere neste gong noko slikt skjer?
- Kva har de lært av å gjennomføre ein slik aktivitet med medelevar?
Reflekter individuelt nokre minutt først, diskuter deretter i grupper. Samanfatt til slutt i fellesskap.
- Kva for nokre positive konsekvensar har det for barn og unge å delta i fysisk aktivitet saman med andre?
- Korleis kan aktivitetane de har gjennomført, bidra til å byggje god sjølvkjensle og sjølvtillit?
- Korleis kan slike aktivitetar på skulen bidra til å skape tilhøyrsel og trygg identitet?
- Kva er samanhengen mellom sjølvkjensle, sjølvtillit og motivasjon?
Relatert innhald
I denne leiken er målet er fylle bingoplata si. Det gjeld å vere rask, og å ikkje bli fanga undervegs.