Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva formar identiteten din?

Kva formar identiteten vår? Diskuter forskjellane mellom dykk sjølv og foreldra og besteforeldra dykkar, og utforsk korleis ein enkelt faktor kan forme identiteten dykkar på mange ulike måtar.

Oppgåve 1. Kva formar identiteten din?


Oppgåve 2. Ulike generasjonar

Diskuter i grupper:

  1. Samanlikn prioriteringane dykkar i oppgåve 1. Kva faktorar trur de har størst påverknad på identiteten til ungdommar i dag?
  2. Kva faktorar trur de var viktige for å forme identiteten til foreldra og besteforeldra dykkar?
  3. Samanlikn dei faktorane som forma identiteten dykkar med dei faktorane som forma identiteten til foreldra og besteforeldra dykkar.
    • Kva er felles?
    • Kva er annleis?
    • Korleis trur de det blir i framtida? Kva faktorar vil forme identiteten til barna og barnebarna dykkar?
Ulike deler ein identitet kan bestå av. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 3. Fordjupingsoppgåve

  1. Vel ein faktor som du meiner er viktig for å forme identiteten din – til dømes gen, kultur, religion, medium, alder eller kjønn.
  2. Kjeldesøk: Finn kjelder som beskriv korleis denne faktoren kan påverke identiteten til ulike menneske. Du finn forslag til nokre ulike kjelder nedst på sida.
  3. Bruk kjeldene til å beskrive korleis denne faktoren kan påverke identiteten vår. Peik gjerne på ulike påverknadsmåtar og forskjellar mellom skildringane i dei ulike kjeldene.
  4. Identiteten vår blir påverka av fleire ulike faktorar som verkar saman. Diskuter korleis den faktoren du har valt, verkar saman med andre relevante faktorar. Viss du har valt kjønn, kan du til dømes diskutere korleis påverknaden frå kjønn er avhengig av kultur, medium og religion.
  5. Reflekter til slutt over korleis den faktoren du har valt å fokusere på, har påverka identiteten din.

Faktorar som formar identiteten vår

I lista under er artiklar om somme av dei mange faktorane som formar identiteten vår. Andre aktuelle faktorar som ikkje er med i lista, kan vere alder, yrke og etnisitet.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 28.10.2020

Læringsressursar

Puslespelet meg – identiteten min?