Hopp til innhald

Fagstoff

Konstruksjon av identitet

I Noreg skal du ikkje ha snakka lenge med ein person før du begynner å lure på kvar han eller ho kjem frå. Vi prøver å fange opp signal i dialekten og stikkord som personen kjem med. Veldig ofte kjem spørsmålet: – Og kvar er så du frå?
Tettsted. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Konstruksjonen av identitet har mange dimensjonar. Det er spørsmål om kvar du kjem frå, om familie og foreldre, nære personar og vener. Vi skal sjå på nokre av desse dimensjonane.

Stad

Mange innvandrarar får spørsmålet nesten med éin gong: – Kvar kjem du frå? Det ser ut til at vi treng å putte folk i ein bås, anten det er ein nykommar, ein innvandrar eller «norskfødd med innvandrarforeldre». Kva land kjem du frå? Spørsmålet har med tilhørsel å gjere. Stadstilhørsel er viktig for å fastslå identiteten.

Personar som har vakse opp forskjellige stader synest kanskje dette er eit vanskeleg spørsmål å svare på. Det kan også opplevast krenkjande når «alle» spør om det same. Kva har du med det? Min identitet er min eigen, og den har du ikkje noko med å «spørje og grave» om.

Ein tamil som har budd på forskjellige stader på Sri Lanka, vore på flyktningmottak i Trysil, med språkkurs på Hamar, med ein bror i Göttingen i Tyskland, ei syster i Sundsvall i Sverige, ei mor i Groruddalen i Oslo, med kjærast frå Stranda, og jobb i Halden har litt tilhørsel her, og litt tilhørsel der. Men kvar er heimstaden, kvar kjem han frå? Det kan vere vanskeleg å svare på slike spørsmål, ofte ønskjer han ikkje å komme med heile livsforteljinga si når nokon spør.

Andre er så knytte til staden der dei har vakse opp, at dei ikkje kan tenkje seg å flytte til nokon annan stad utan å miste noko av seg sjølv.

Familie og foreldre

Familietilknyting er sjølvsagt viktig for å finne ut kven du er. Kven er dine foreldre? Bur dei saman? Eller er det andre personar som har vore i foreldra sin stad, som er viktigare enn biologiske foreldre? Sysken, tanter og onklar, er dei viktige for identiteten?

I Noreg tenkjer vi oftast på familie som mor, far og barn, den såkalla kjernefamilien. Slik har det ikkje alltid vore. Ser vi på gamle folketeljingar, finn vi fort ut at familiane hadde mange fleire medlem enn den lille kjernen.

I mange andre kulturar er det storfamilien som er viktig. Den inkluderer besteforeldre, onklar, tanter, fetterar og kusiner. I mange afrikanske språk er onklar og tanter også kalla for «mor» og «far», og syskenbarn blir kalla «bror» og «syster».

Det er heller ikkje uvanleg at dei bur i same landsby, eller at ein mann har fleire koner og barn med forskjellige mødrer. Då kan det bli mange «brør» og «systrer». Og slike barn blir sjeldan foreldrelause. Om biologisk mor og far døyr, har dei nesten alltid ei anna «mor» og «far», og ganske sikkert mange «brør» og «systrer».

Nytt levesett

Storfamilielivsstilen kan vere vanskeleg å halde oppe for ein innvandrarfamilie som kjem til Noreg. Det sosiale nettverket, som var sjølvsagt i heimlandet, er plutseleg borte, og det er vanskeleg å halde oppe kontakten med resten av storfamilien. Dessutan forandrar levesettet seg i det nye landet, både på grunn av buforhold, nye matvanar, jobb og avstandar. Likevel er det vanleg at mange slike innvandrarfamiliar legg stor vekt på samhaldet i familien også etter at dei nye omstenda har blitt annleis.

Dette står i kontrast til det vi ser meir og meir av i vårt eige samfunn: ein overgang frå kjernefamilien til «einforelder-familien». I ein slik familie vil kontakten med omverda vere viktig for å utvikle det som kallast sosial kompetanse, evna til å omgåast andre på ein god måte utan å gi avkall på seg sjølv.

Nære personar og venner

Foreldra har sterk innverknad over barna sine frå dei er små. Andre vil leggje vekt på nær kontakt med ei bestemor, eller ein person utanfor familien som har vist interesse og omsorg for familiens ve og vel.

Rosetoget i Oslo, 25. juli 2011. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis har du blitt den du er? Nokon vil understreke verdien av kontakt med nære venner, kontakt med ein spesiell ungdomsgjeng, interessegruppe som for eksempel MC-klubb, musikkband, speidaren, religiøst fellesskap, politisk ungdomslag eller andre organisasjonar.

I mange afrikanske kulturar er det vanleg å leggje vekta på relasjonar til andre menneske og grupper. «Eg er den eg er fordi du er den du er» er eit uttrykk som peikar på kor viktige relasjonane er i oppfatninga av eigen identitet.

Mange vil leggje vekt på at dei er spesielle individ; eg er noko heilt for meg sjølv, ulik andre omkring meg, unike individ. Alle menneske er forskjellige frå andre menneske, til sjuande og sist er eg berre identisk med meg sjølv.

Alder og kjønn

Kven du er avheng også av kor gammal du er. Vi forandrar oss heile tida, vi møter nye venner og nye utfordringar. Kva aldersgruppe er du i? Kva innverknad har andre på din alder på personlegdommen din?

Her er også kjønn viktig. Vi kan ikkje velje kva kjønn vi skal ha, men vi blir fødde som kjønnsvesen. Dette er ikkje berre eit spørsmål om biologi, men like mykje kva oppfatningar av kjønn vi får i det fellesskapet vi veks opp i. Kjønnsidentitet er viktig i alle kulturar over heile verda og bestemmer veldig mykje når det gjeld oppseding, kjønnsroller og forhold til det andre kjønnet.

Ætt og slekt

Skiljet mellom familie, ætt og slekt er ikkje alltid klart i daglegtalen, men det kan vere viktig i enkelte samfunn og kulturar.

Med familie tenkjer vi oftast på dei som lever under same tak, det kan vere kjernefamilie eller storfamilie. Alle desse har ikkje same avstamming, mann og kone kjem frå ulike familiar som oftast har ulike forfedrar og formødrer. Dei kjem frå ulike avstammingsgrupper eller ætter; det er dei som har felles stammor og stamfar.

Nokre stader i verda blir slekta rekna etter faren, patrilinearitet (pater er frå latin og tyder far). Andre stader blir slekta rekna etter mora, matrilinearitet (mater er frå latin og tyder mor). Ofte er det berre menn som kan føre slekta, og av og til familienamnet, vidare. Dette er vanleg i Kina og Japan der den eldste sonen får rituelle oppgåver i forhold til foreldra sine ved å ta vare på fedrealtaret og brenne røykelsespinnar til ære for dei avdøde. Dette blir ofte omtala som «filial piety», sonleg pietet, ærefrykt for forfedrane.

Døme

I det gamle norske bondesamfunnet var det vanleg at barna fekk farsnamnet: Ole og Kari fekk namn etter faren sitt fornamn, Peder. Då blei dei Pedersen og Pedersdatter. I tillegg var det vanleg å ta med gardsnamnet, men det var nærmast ei adresse og kunne forandre seg gjennom livet når dei flytte frå gard til gard. Ole Pedersen Haugen kunne bli Ole Pedersen Vinje når han flytte frå Haugen til Vinje.

I Noreg er det vanleg å rekne slekta gjennom både mor og far. Men farslinja hadde meir å seie når garden skulle arvast gjennom odelsretten. No er odelsretten endra slik at både kvinner og menn arvar på lik linje. Barn kan no også få mor sitt namn, mens det tidlegare var vanleg at barnet fikk far sitt familienamn.

Religiøs identitet

For mange er religion viktig for identiteten. Å vere kristen vil for mange seie å høyre til eit kyrkjesamfunn, å vere en del av ein større heilskap. Men det kan også vere noko personleg, at ein trur at Gud sende Son sin, Jesus Kristus, for å frelse, ikkje berre verda, men også «vesle meg». Å vere kristen kan vere eit kall til å vise Guds kjærleik i praksis i møte med våre medmenneske. Det kan bety omsorg og nestekjærleik, å setje sitt eige til side for noko som er større enn ein sjølv. Det kan gi dimensjonar over livet som skaper ein bevisst identitet.

Mange muslimar som kjem til Noreg, var ikkje særlig aktive i moskeen, heller ikkje i religionen, før dei kom til dette landet. Men å vere framand i Noreg kan bety at ein søkjer fellesskap med andre frå same land og region. Då kan religion bli viktig. Mange jenter vel å gå med sjal, «hijab», for å markere at dei ser på seg sjølve som truande muslimar. Hijaben blir ein identitetsmarkør.

Smilende mann. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Medfødd identitet?

Hudfarge og kjønn kan vi ikkje gjere noko med, heller ikkje augnefarge. Dette er medfødde eigenskapar. Men på grunn av hudfarge og kjønn blir vi rekna til å høyre til bestemte grupper i samfunnet, anten vi likar det eller ikkje. Sidan hudfargen er så synleg, har han lett for å medverke til å setje menneske i bestemte båsar.

Døme

Ein ingeniør i kommunen blei lei av alltid å måtte forklare at han var frå Somalia, andre ingeniørar var berre ingeniørar. For han var det viktigare at han var dyktig i faget enn at han kom frå Somalia. Han ville ha identiteten sin i faget sitt og i jobben sin, men han kunne ikkje flykte frå at han var «mørkhuda»

CC BY-NC-SASkrive av Øyvind Dahl.
Sist fagleg oppdatert 13.12.2018

Læringsressursar

Puslespelet meg – identiteten min?