Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er identitet?

Du har nokre kvalitetar og eigenskapar som gjer deg unik og skil deg frå andre. I tillegg vil omgivnadene og menneska du har rundt deg, også påverke korleis du oppfattar deg sjølv. Klarer du å beskrive kven du er?
Tvillingar som ser seg sjølv i spegelen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ordet identitet kjem frå det latinske ordet idem, som betyr ”den same”. Identiteten til ein person er todelt fordi ein kan vere ”den same” på to måtar. På den eine sida kan vi vere den same som oss sjølv, det vi kallar personleg identitet. På den andre sida kan vi vere den same som andre, det vi kallar sosial identitet eller gruppeidentitet.

Personleg identitet

Personleg identitet er det som gjer deg til den unike personen du er, og som skil deg frå andre menneske. Utsjånad, haldningar, kunnskapar, smak og kropp er noko av det som utgjer den personlege identiteten din.

Sosial identitet

Samtidig er mennesket del av ein større fellesskap. Vi kan inngå i ulike grupper, og slik har vi ein sosial identitet. Vi er ein del av geografiske, sosiale og kulturelle fellesskap, som bustad, interesser, aktivitetar og politikk.

Dei to identitetane er avhengige av kvarandre og utfyller kvarandre, og det er viktig å sjå det personlege og det sosiale i samanheng.

Kva gjer deg unik, og kva for fellesskap er du ein del av?

Er identitet medfødd?

Det finst ulike teoriar om kva identitet er, og vi kan i hovudsak skilje mellom to grunnleggjande oppfatningar. Den eine retninga vil seie at identitet er noko medfødd. Identitet er som ein kjerne inni mennesket. Kjernen er fast, forandrar seg ikkje og let seg ikkje påverke av ytre forhold. Denne retninga blir kalla ei konstruktivistisk identitetsoppfatning.

Den andre retninga seier det motsette. Mennesket har ingen kjerne, og identiteten kan endre og utvikle seg over tid. I Henrik Ibsens drama Peer Gynt finn vi ei slik identitetsoppfatning. Peer skreller av lag etter lag av ein løk, men kjem aldri inn til nokon kjerne. Dette kan vi sjå på som eit bilete på den retninga som blir kalla ei konstruktivistisk identitetsoppfatning.

Vi kan likevel tenkje oss eit tredje alternativ: ein kombinasjon av desse to identitetsforståingane. Delar av identiteten vår er uforanderleg, mens andre delar er i forandring. Sjå føre deg ei elv og eit elveleie: Elva er den delen av identiteten som er i forandring, mens elveleiet er den meir stabile og konstante delen av identiteten. Elveleiet kan likevel forandre seg etter dei bevegelsane som skjer i elva.

Er identiteten din medfødd, eller har du skapt han sjølv?

Identitetsforståing

I møte med andre oppdagar vi vår eigen identitet. Når du skal beskrive deg sjølv, er du påverka av korleis andre oppfattar deg. Det skjer ein vekselverknad mellom eget og andre si oppfatning av eget. Dette kallar vi identitetsforhandlingar.

Identitetsforhandlingane er viktige for eget sin identitet. Du kan oppleve å bli tillagd eigenskapar du sjølv ikkje kjenner igjen og få ein uønskt identitet. Somme kan til dømes beskrive deg på ein måte som du ikkje synest stemmer overeins med identiteten din.

Samtidig er det nokre eigenskapar ved mennesket vi ikkje kan kome vekk frå, og som gjer oss til den vi er. Kjønn, alder og etnisitet er noko vi vanskeleg kan forhandle oss vekk frå. Ofte vil det også vere stereotypar knytte til desse faktorane.[1]

Repetisjonsquiz

CC BY-SASkrive av Marita Aksnes.
Sist fagleg oppdatert 01.02.2021

Læringsressursar

Puslespelet meg – identiteten min?