Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis blir eg meg?

Korleis påverkar dei menneska vi veks opp saman med, identiteten vår og sjølvbiletet vårt? Utforsk korleis samtalane du har hatt med andre, kan forme dine eigne kjensler og tankemønster.
Ein vaksen mann lener seg over og snakkar til eit barn. På ein kvit vegg i bakgrunnen visast skuggen av dei begge to. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Diskuter før de ser filmen:

  1. Korleis kan andre menneske påverke identiteten vår og sjølvbiletet vårt på ein positiv måte? Gi konkrete døme.
  2. Korleis kan andre menneske påverke identiteten vår og sjølvbiletet vårt på ein negativ måte? Gi konkrete døme.

Oppgåve 2. Korleis blir eg meg?

Svar på spørsmåla etter at de har sett filmen:

  1. Kva meiner Sondre Risholm med at vi menneske er dialogiske?
  2. Finn nokre konkrete døme frå ditt eige liv på at samtalar du har hatt med andre, kan påverke måten du tenker på no?
  3. Kva er problemet med å omgi seg med menneske som berre gir deg ein bestemd type tilbakemeldingar?
  4. Kva meiner Sondre Risholm med at "fortida lever i notida" ?Gi nokre konkrete døme.
  5. Kvifor meiner Sondre Risholm at vi må bruke fornufta og ikkje kjenslene, viss vi skal endre eit negativt sjølvbilete?
  6. Korleis kan du hjelpe andre som berre har eit negativt sjølvbilete?

Oppgåve 3. Rollespel

Gå saman i grupper. I denne oppgåva skal de gjennomføre eit rollespel. Der skal de vise korleis samtalar vi har hatt med andre i fortida, kan forme måten vi tenker på her og no.

  1. Bestem dykk først for eit tema for rollespelet. Temaet bør vere eit dilemma eller eit problem mange ungdommar kan kjenne seg igjen i. Det kan til dømes vere spørsmål som om dei skal gi etter for press og ruse seg, om dei skal prioritere skulen framfor vener, eller om dei skal lyge for å verne ein kamerat.
  2. I den første scenen av rollespelet skal de vise fortida. De skal vise kva samtalar hovudpersonen i framsyninga har hatt om temaet med andre personar tidlegare. Det kan vere foreldre, slektningar, vener, lærarar, trenarar eller liknande. Vis gjerne korleis desse ulike personane har sagt heilt ulike ting.
  3. I den andre scenen av rollespelet skal de vise notida. De skal vise ein situasjon der hovudpersonen står overfor problemet eller dilemmaet og må velje kva han eller ho skal gjere. Her skal de vise korleis hovudpersonen tenker. De skal vise korleis dei ulike samtalane hovudpersonen har hatt om temaet med andre tidlegare, har blitt til ulike stemmer inni hovudet hans eller hennar.
  4. Vis til slutt korleis hovudpersonen løyste problemet eller dilemmaet sitt.
  5. Framfør rollespelet for klassen eller spel det inn som ein film eller eit høyrespel.
CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 29.01.2021

Læringsressursar

Puslespelet meg – identiteten min?