Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Molly Øxnevad: Identitet, kjønn og seksualitet

Forfattaren Molly Øxnevad utforskar ulike sider ved ungdommars identitet, kjønn og seksualitet i romanane sine. Sjå intervju med Molly Øxnevad og jobb med eit tekstutdrag frå debutromanen hennar, En sånn rød amerikansk scooter.
Til læraren

Temaa i desse oppgåvene kan vere sensitive for nokre av elevane i klassen. Det kan derfor vere ein fordel å kjenne elevane litt på førehand før de gjennomfører dei.

Dersom du som lærar samanfattar oppgåve 1 i plenum, kan du skilje mellom ulike perspektiv på kjønn og mellom kjønn og seksuell orientering for å unngå unødvendige misforståingar. Det finn du informasjon om i denne artikkelen om kva kjønn eigentlig er.

Oppgåve 1 Identitet

Diskuter før de ser filmen:

  1. Kva er eigentleg kjønn?

  2. Korleis påverkar kjønn identiteten vår?

Oppgåve 2 Kjønn og identitet

Sjå filmen med forfattaren Molly Øxnevad over og svar på spørsmåla.

  1. Korleis beskriv Molly Øxnevad kjønnsidentiteten sin?

  2. Molly Øxnevad har skifta namn frå Henrik til Molly. Korleis ønsker ho å bli møtt?

  3. Korleis trur du at du vil reagere om nokon du kjenner, fortel at dei eigentleg har eit anna kjønn enn det du trur?

  4. Molly Øxnevad beskriv mellom anna identitet slik: "Det er veldig personlig, og det kan hjelpe deg, skade deg, være kjedelig og spennende og … alt." Kva trur du ho meiner med det?

  5. I filmen seier Molly Øxnevad at identitet er noko som heile tida utviklar seg. Ho seier vidare at ho ikkje trur at nokon éin gong for alle finn ut kven dei verkeleg er, men at vi kan finne ut delar av identiteten vår. Er du einig eller ueinig? Grunngi svaret.

  6. Reflekter over korleis det å skrive sjølv og lese tekstane til andre kan hjelpe oss å forstå vår eigen identitet og identiteten til andre.

Oppgåve 3 Molly Øxnevad

Sjå filmen med forfattar Molly Øxnevad over og svar på spørsmåla.

  1. Kva handlar En sånn rød amerikansk scooter om, ifølge forfattaren?

  2. I kva grad tenker du at handlinga i boka er aktuell for dagens ungdommar? Grunngi svaret.

  3. Kva var grunnen til at ho skreiv En sånn rød amerikansk scooter, ifølge henne sjølv?

  4. I filmen seier Molly Øxnevad at alle bryt med normene og ingen eigentleg er heilt normale. Er du einig eller ueinig i denne påstanden? Grunngi svaret.

  5. Ein av karakterane i Øxnevads bok plagar og mobbar andre fordi han sjølv prøver å passe inn og vere normal. Trur du det også skjer i verkelegheita? Grunngi svaret.


Oppgåve 4 En sånn rød amerikansk scooter

Les tekstutdraget frå romanen En sånn rød amerikansk scooter og svar på spørsmåla.

  1. Gi eit kort resymé av handlinga i utdraget.

  2. Korleis vil du beskrive desse tre personane:

    • Erik/ eg-personen

    • Janikke

    • Hanne

  3. I teksten blir Erik fysisk angripen, videoar av Erik og Stian blir spreidde på skulen, og dei to blir kalla inn til rektor. Korleis reagerer Erik, Stian og Janikke på dette?

  4. Vel ein av karakterane i utdraget. Korleis trur du hendingane som blir beskrivne, påverkar hans eller hennar identitet?

  5. Reflekter: Kva fortel denne teksten oss om korleis det kan opplevast å bryte normene i samfunnet?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 01.09.2022

Læringsressursar

Puslespelet meg – identiteten min?