Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Puslespelet meg

CC BY-SA

Identiteten vår er eit puslespel med mange forskjellige bitar. Utforsk dei ulike faktorane som er med på å forme identiteten vår.

I arbeidet med denne læringsstien vil du

  • reflektere over ulike forståingar av identitet
  • få kunnskap om ulike syn på identitet, epigenetikk og kulturell identitet
  • diskutere korleis arv og miljø påverkar identiteten vår, og korleis identitet endrar seg gjennom heile livet
  • lage eit kart over eigen identitet og reflektere over korleis identiteten din kan bli påverka av ytre hendingar
  • fordjupe deg i ein viktig faktor som påverkar identiteten din og utforske han vidare

Denne læringsstien er tverrfagleg. Han eignar seg som ein introduksjon til å jobbe med temaet identitet frå mange ulike faglege synsvinklar. Stien inneheld artiklar og oppgåver som til dømes kan knytast til samfunnskunnskap, naturfag, norsk og kultur og kommunikasjon.