Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Hjernen som ein datamaskin?

Korleis utviklar vi tankane og kjenslene våre? Hjernane vi er fødde med, er ganske like. Likevel utviklar vi ofte svært ulike tankar og kjensler. Viss tankane og kjenslene våre er destruktive, må vi endre dei. Tenk på hjernen som ein datamaskin som treng jamlege oppdateringar for å fungere.
To ansikt ser på kvarandre: eitt med ein menneskeleg hjerne, eitt med kunstig intelligens. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Tankar

Diskuter i grupper før de ser filmen:

  1. Finn nokre konkrete døme på at to menneske kan tenkje heilt ulikt om ein og same situasjon.
  2. Kvifor utviklar menneske heilt ulike tenkjemåtar?
  3. Kan vi endre tankemåten vår? I så fall – korleis? Grunngi svaret.
  4. På kva måte kan tenkjemåten vår seie noko om kven vi er som person – identiteten vår?
Kva er eit operativsystem?

Operativsystemet er den grunnleggjande programvara som får ein datamaskin til å fungere. Operativsystemet er det første programmet som blir installert i ein datamaskin, og det styrer alle dei andre programma du lastar inn.

Døme på operativsystem er Microsoft windows, MacOS og Unix.

Oppgåve 2. Hjernen som ein datamaskin

Sjå filmen og svar på spørsmåla:

  1. Psykolog Sondre Risholm Liverød samanliknar måten vi tenkjer og føler på med operativsystemet i ein datamaskin.

    • Korleis meiner han at operativsystemet, eller måten vi tenkjer og føler på, blir installert i hjernen?
    • Korleis kan operativsystemet vårt påverke måten vi tolkar verda på?
    • Kvifor kan vi ikkje stole på operativsystemet vårt?
    • Kvifor meiner Liverød at vi må bli systemansvarlege og oppdatere måten vi tenkjer og føler på, på same måten som vi oppdaterer operativsystemet i ein datamaskin?
    • Kva kan skje viss vi ikkje oppdaterer operativsystemet i hjernen?
  2. Sondre Risholm Liverød seier: "Viss du trur du er mislykka, blir du mislykka" Diskuter denne påstanden.
  3. I filmen skil Liverød mellom skyld og ansvar. Han seier at det ikkje er vår skyld viss vi har utvikla destruktive tankemønster, men det er vårt ansvar å gjere noko med det. Er du einig eller ueinig? Grunngi svaret.
Ei jente får trøyst av ei venninne. Den eine jenta legg ei hand på skuldra til den andre jenta. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 3. Kjensler

Diskuter i grupper:

  1. Korleis kan kjenslene våre seie noko om kven vi er – identiteten vår?
  2. Finn nokre døme på ting eller situasjonar som vekkjer heilt ulike kjensler i gruppa.
  3. Kvifor trur de at de har utvikla heilt ulike kjensler overfor denne situasjonen eller desse tinga? Grunngi svaret.
  4. Trur de at det er mogleg å endre dei kjenslene de har, viss de vil? Og korleis kan de eventuelt gjere det? Grunngi svaret.

Oppgåve 4. Korleis hjelpe?

  1. Gi ei kort skildring av ein imaginær person med destruktive kjensler og tankemønster. Skildringa skal ikkje vere basert på ein verkeleg person som dei andre i klassen kan kjenne igjen.
  2. Tenk deg at du skal prøve å hjelpe han eller henne. Kva kan du gjere?
  3. Tenk deg vidare at du i fleire månader forgjeves prøver å få han eller henne til å endre tankane og kjenslene sine. Kva kan årsakene vere til at det er så vanskeleg?
  4. Reflekter over kva for eit ansvar vi sjølv har for å endre destruktive og skadelege kjensler og tankemønster.
CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 29.01.2021

Læringsressursar

Puslespelet meg – identiteten min?