Hopp til innhald

Fagstoff

Lærarrettleiing – LilleStortinget

Rollespelet kan gjennomførast på mange måtar. Uansett er det viktig med gode førebuingar.
Lærar hjelper elevar i klassrommet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva for nokre elevar skal vere med?

Rollespelet LilleStortinget kan gjennomførast i éin klasse, på eitt trinn, på tvers av trinn, og til og med på tvers av skular. Det er uansett naturleg å involvere samfunnskunnskapklassar.

For dei skulane som har klassar med politikk og menneskerettar, kan det vere fint å gi regjeringsoppdraget til desse elevane, mens sjølve LilleStortinget bør bestå av elevar i samfunnskunnskap.

Skular med mediefag kan fint gi desse elevane i oppdrag å ta ansvar for mediedekning. Ein ikkje ha mediedekning, men det gir ein fin dynamikk i det politiske arbeidet når politikarane må svare for seg til media.

Forslag til fordeling av roller (fullt rollespel)

Forslag til fordeling av roller (fullt rollespel)

De bør ta utgangspunkt i den parlamentariske situasjonen som gjeld i Noreg. Dette forslaget baserer seg på situasjonen hausten 2020 med Høgre, Venstre og KrF i regjering.

På LilleStortinget

  • 169 representantar

    • 5 i presidentskapet
    • 12 komitéleiarar
    • 3 parlamentariske leiarar (regjeringsparti)
    • 6 partileiarar / parlamentariske leiarar (opposisjonsparti)
    • 143 som berre er representantar
  • 9 politiske rådgivarar for dei parlamentariske leiarane

Dette krev 178 elevar, noko som skulle svare til cirka 7 samfunnskunnskapsklassar. For å få det til å gå opp kan de justere talet på politiske rådgivarar eller talet på representantar. Eit fullskala rollespel krev altså ein ganske stor skule, eller at fleire skular samarbeider.

Viss ein må redusere talet på representantar, bør ein òg redusere talet på departement og komitear (sjå under). Hugs at talet på representantar alltid må vere eit oddetal.

I regjeringa

  • 1 statsminister
  • 12 statsrådar
  • 13 statssekretærar

Ein klasse i politikk og menneskerettar kan få ansvar for regjeringa. Her kan ein justere talet gjennom at nokon har fleire statssekretærar eller ved at ein slår saman departement (sjå under).

Viss skulen ikkje har klassar med politikk og menneskerettar, kan desse rollene bli fylte av elevar i samfunnskunnskap. Då bør ein ha ein søknadsprosess i god tid før rollespelet, der ein vel ut dei mest engasjerte og eigna elevane til desse rollene.

Regjeringa startar arbeidet med førebuingar i god tid før rollespelet skal gjennomførast.

Praktisk arbeidsgruppe

Det kan vere nyttig å ha ei gruppe elevar som har meir praktiske oppgåver knytte til til dømes klargjering og rydding av lokale, kopiering og teljing av røyster. Somme elevar har kanskje av ulike grunnar lita lyst til å delta i sjølve rollespelet. Det er likevel viktig at alle får vere med og oppleve og lære av det som skjer i salen til LilleStortinget.

Forslag til fordeling av roller (lite rollespel)

Forslag til fordeling av roller (lite rollespel)

Dersom de vil gjennomføre rollespelet i éin klasse, bør de avgrense dykk til éin eller to komitear. Komiteane kan ta for seg fleire fagområde, slik at det ikkje avgrensar rollespelet for mykje. Dei parlamentariske leiarane deltek i komiteane. I eit større rollespel vil desse vere fritekne frå komitéarbeidet.

De bør òg avgrense dykk til til dømes tre parti. Her har vi teke utgangspunkt i at eitt parti sit i regjering og to parti utgjer opposisjonen på LilleStortinget.

På LilleStortinget

  • 15–17 representantar

    • 2 i presidentskapet
    • 2 komitéleiarar
    • 1 parlamentarisk leiar (regjeringsparti)
    • 2 partileiarar / parlamentariske leiarar (opposisjonsparti)
    • 8-10 som berre er representantar

I regjeringa

  • 1 statsminister
  • 2 statsrådar
  • 3 statssekretærar

Ressursane til LilleStortinget tek utgangspunkt i eit mykje større rollespel, men med nokre justeringar vil det vere mogleg å bruke dei same ressursane til eit rollespel i éin klasse.

De kan ta utgangspunkt i ønskeskjemaet under når elevane skal ønskje seg roller i LilleStortinget. Dei som vil søkje på roller i regjeringa, kan bruke søknadsskjemaet under.

Filer

Departement og komitear

Det er praktisk at departementa og komiteane har like namn, sjølv om det ikkje alltid er slik i verkelegheita. I planlegginga av LilleStortinget er det viktig å fastsetje kva departement og komitear som skal vere med. Her må ein ta omsyn til kor mange som er med i rollespelet og kva saker som kan engasjere. De har moglegheit til å slå saman fagområde eller utelate somme heilt. Det er naturleg å involvere elevane som har fått ansvaret for regjeringa i dette arbeidet.

Forslag til departement og komitear

Forslag til departement og komitear

  • Arbeids- og sosialdepartementet/komiteen
  • Barne- og familiedepartementet/komiteen
  • Finansdepartementet/komiteen
  • Helse- og omsorgsdepartementet/komiteen
  • Justis- og beredskapsdepartementet/komiteen
  • Klima- og miljødepartementet/komiteen
  • Kommunal- og moderniseringsdepartementet/komiteen
  • Kultur- og kunnskapsdepartementet/komiteen
  • Nærings-, landbruks- og fiskeridepartementet/komiteen
  • Olje- og energidepartementet/komiteen
  • Samferdselsdepartementet/komiteen
  • Utanriks- og forsvarsdepartementet/komiteen

Dersom de skal gjennomføre rollespelet i berre éin klasse, er de nøydde til å avgrense talet på departement og komitear til eit minimum, samtidig som de passar på å ikkje sjå bort frå saker som vil engasjere elevane. Det er derfor spesielt viktig at elevane blir involverte i planlegginga.

Forslag til tidsplan

Forslag til tidsplan

September: Elevane blir introduserte til rollespelet. Søknader til roller i Regjeringa blir skrivne.

Oktober– november: Rollene i Regjeringa blir bestemte og blir offentleggjorde. Regjeringa startar førebuingsarbeidet sitt.

Januar: Søknader og ønske til roller på LilleStortinget blir skrivne. Proposisjonane blir publiserte.

Mars: Set av ei veke til førebuing og gjennomføring. Viss fleire fag er involverte, kan ein bruke dei vanlege timane på vekeplanen og ikkje oppløyse timeplanen før sjølve rollespelet startar.

  • Måndag: Kickoff. Utdeling av roller.
  • Tysdag–onsdag: Elevane førebur seg ved å setje seg inn i rollespelet, rollene sine og partiet sitt. Dei bør òg øve på å ta ordet.
  • Torsdag–fredag: Gjennomføring av rollespelet. Program blir utarbeidd av skulen (sjå forslag under).

Forarbeid med regjeringa

Uansett om det er elevar frå samfunnskunnskap eller politikk og menneskerettar som tek regjeringsansvaret, vil det vere nødvendig at desse gjer eit grundig forarbeid saman med den ansvarlege læraren.

Når regjering, statssekretærar og politiske rådgivarar er på plass, skal dei leggje den politiske plattforma. Elevane kan til dømes idémyldre ulike saker i mindre grupper, gjerne statsrådane saman med statssekretæren sin. Alle saker blir skrivne ned på tavla og fordelte mellom dei ulike departementa. Det er viktig at regjeringsapparatet diskuterer dei ulike sakene og blir einige om felles standpunkt og kva saker dei ønskjer å fokusere på i den politiske plattforma til spelet. Kvart departement bør ha rundt to til fire saker, avhengig av kor mange statsrådar det er, og kor stort rollespelet er.

Statsråden, saman med statssekretæren sin, skriv sakene i eit proposisjonsark. Desse dokumenta er rammeverket for rollespelet. Proposisjonane bør gjerast tilgjengeleg i god tid før rollespelet, slik at alle deltakarar i spelet kan setje seg godt inn i dei.

Basert på det politiske programmet skal statsministeren skrive trontalen som blir halden på opninga av LilleStortinget.

Materiell

Ein del materiell må trykkjast opp eller gjerast tilgjengeleg digitalt på førehand. Her har vi laga forslag. Somme kan brukast som dei er, mens det vil vere nødvendig å tilpasse ein del av dokumenta.

  • Liste over departement og komitear (sjå forslag over).
  • Liste over parti med talet på mandat og namn på dei parlamentariske leiarane.
  • Program (sjå fil under). Kvar skule bør gjere lokale tilpassingar med til dømes å leggje inn romfordeling.
  • Voteringsskjema (sjå fil under). Blir delt ut til dei parlamentariske leiarane, éin til kvar i partigruppa.
  • Skjema til komitéinnstilling (sjå fil under). Blir delt ut på komitéleiarmøtet.

Filer

Oppgåvene til lærarane under sjølve spelet

Lærarane som er involverte i LilleStortinget bør fordele ansvarsområda sine, slik at dei er til god støtte for elevane. I eit stort rollespel vil kanskje rundt 10 lærarar vere involverte.

TIPS: Det kan vere lurt å opprette ein digital chatte-kanal, der ein kan kommunisere med dei elevane ein har ansvar for. Her kan de gi tips undervegs og svare på spørsmål.

HUGS! Som lærarar skal de berre vere til støtte. De skal ikkje styre spelet.

Forslag til fordeling av ansvar
  • Hovudansvarleg: held tale ved opninga og har oversikt over alt som skal skje
  • Ansvarleg for presidentskapet: er med presidentskapet i planlegging og gjennomføringa av LilleStortinget
  • Ansvarleg for regjeringa: er med regjeringa i planlegging og gjennomføringa av LilleStortinget, kan til dømes vere læraren i faget politikk og menneskerettar
  • Ansvarlege for regjeringspartia (1–2 lærarar): held infomøte for dei parlamentariske leiarane (saman med ansvarleg for opposisjonspartia) og hjelper til i partigruppearbeidet
  • Ansvarleg for opposisjonspartia (1–2 lærarar): held infomøte for dei parlamentariske leiarane (saman med ansvarleg for regjeringspartia) og hjelper til i partigruppearbeidet
  • Ansvarleg for komitéarbeidet (1–2 lærarar): held infomøte for komitéleiarar og hjelper til i komitéarbeidet
  • Praktisk ansvarleg: har ansvar for at det praktiske rundt gjennomføringa av rollespelet er på plass (stolar i salen, mikrofonar og så vidare.) Her kan det vere kjekt å ha med ei gruppe elevar i ei praktisk arbeidsgruppe.
CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen, Anna Kristina Lejdelin, Atle Oanes og Eirik Sundquist Torp.
Sist fagleg oppdatert 18.06.2020

Læringsressursar

LilleStortinget