Hopp til innhald

Fagstoff

Statssekretær

Her er ei oversikt over kva som er ansvaret ditt som statssekretær.
Ein yngre og ein eldre mann snakkar saman. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rolla di som statssekretær

Som statssekretær skal du hjelpe med å gjere research, utforme politikken og skrive . Dei utgjer eit team som har ansvar for eit departement. Det betyr at de har ansvar for politikken på eit spesielt fagområde. I somme tilfelle kan statsråden ha fleire statssekretærar. Som statssekretær i LilleStortinget representerer du og statsråden same parti. Slik er det som regel òg i verkelegheita.

De bør kjempe for standpunkta til partiet internt i regjeringa, men utad skal de forsvare den samla politikken til regjeringa og vere lojale overfor det regjeringa blir einige om. I LilleStortinget vil du støtte statsråden med førebuing til debattar, og anna som statsråden treng av rettleiing.

I spørjetimen vil statsråden få nokre spørsmål tilsende på førehand, og då er det viktig at du hjelper statsråden med eit godt svar samtidig som du tenkjer ut eventuelle oppfølgingsspørsmål som kan dukke opp. Oppfølgingsspørsmåla er ikkje gitte på førehand.

Under sjølve debattane kan det vere lurt å kommunisere digitalt med statsråden og komme med argument, oppdatert informasjon, tal og så vidare, som dei kan ta med opp på talarstolen.

Du skal òg støtte ditt parti sine i . Du blir ekspert på proposisjonane frå statsråden din og kan støtte og representantane i kva dei skal diskutere i komiteane.

Dersom statsråden din blir sjuk, kan du tre inn i rolla til vedkommande som statsråd.

Det politiske arbeidet i regjeringa

Proposisjonar

Regjeringa startar forarbeidet i god tid før sjølve rollespelet. Den viktigaste jobben i denne perioden er å skrive proposisjonar. Ein proposisjon er eit forslag frå regjeringa til LilleStortinget som regjeringa ønskjer at LilleStortinget skal vedta. Kor mange proposisjonar som skal skrivast, avheng av kor stort rollespelet er, men vanlegvis bør ein skrive 2–4 proposisjonar per departement.

Du skal hjelpe statsråden med å skrive proposisjonane. Bruk oppsettet i fila under når de skriv proposisjonar.

Filer

Koalisjonsregjering

Bortsett frå ein kort periode i 2000–2001 har Noreg berre hatt koalisjonsregjeringar heilt sidan 1997. Det vil seie at fleire parti har gått saman om å danne regjering. Regjeringa di vil sannsynlegvis òg bestå av fleire parti. I arbeidet med proposisjonane må ein ta omsyn til kor store partia er. Det som bestemmer storleiken på partiet, er kor mange representantar dei har på LilleStortinget.

Kompromiss og hestehandlar

Alle partia i regjeringa bør få gjennomslag for noko av politikken sin. Når det er ueinigheit om ei sak, kan det løysast på ulike måtar. Av og til kan ein komme fram til eit kompromiss, det vil seie at ein landar på ei løysing som ligg ein stad mellom ytterpunkta. Dette kan til dømes vere naturleg når det er snakk om å løyve pengar eller å innføre skattar og avgifter.

I andre situasjonar er det vanskeleg å finne eit kompromiss. Då må ein gi og ta litt. Ei løysing er at at nokon får gjennom sin vilje i ei sak, mot at dei andre får sin vilje i ei anna sak. Slike såkalla politiske hestehandlar blir ofte kritiserte fordi dei ofte handlar om prinsipielle saker, og partane får derfor gjerne kritikk for å ha svikta prinsippa sine.

Regjeringa og LilleStortinget

Regjeringa sine medlemmar sit ikkje på LilleStortinget og har derfor ikkje røysterett i sakene som skal bli vedtekne. Grunnen til dette er at Noreg blir styrt etter eit maktfordelingsprinsipp som seier at den utøvande makta, den lovgivande makta og den dømmande makta skal vere delt. Du er ein del av den utøvande makta, Regjeringa, mens LilleStortinget er den lovgivande makta. Den dømmande makta er domstolane.

Dette betyr at alt de i regjeringa ønskjer å få gjennomført, må vedtakast på LilleStortinget. Då er det viktig at du og statsråden din har god kontakt med for partiet dykkar på LilleStortinget. Slik kan de sikre at representantane på LilleStortinget er lojale til politikken til regjeringa.

Viss du sit i ei , er det ikkje nødvendig å søkje støtte hos partia som ikkje sit i regjering. Viss du derimot sit i ei , vil det vere nødvendig å få med minst eitt anna parti til for å få gjennom sakene. Det er viktig at statsråden tek ansvar for proposisjonane sine. I dette arbeidet bør du hjelpe statsråden med å ha nær kontakt med dei aktuelle og dei aktuelle partileiarane for å undersøkje moglegheiter for samarbeid om enkelte saker.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen, Anna Kristina Lejdelin, Eirik Sundquist Torp og Atle Oanes.
Sist fagleg oppdatert 11.05.2020

Læringsressursar

LilleStortinget