Hopp til innhald

Fagstoff

Presidentskapet på LilleStortinget

Her er ei oversikt over kva som er ansvaret ditt som medlem av presidentskapet på LilleStortinget.
Kongen overrekker en tale til stortingspresidenten under åpningen av Stortinget. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi håper du har fått den rolla du ønskjer deg og at du gler deg til å tre inn i ho. Det viktigaste er at du speler rolla di og at du set deg grundig inn i kva ho inneber.

Presidentskapet skal leie arbeidet på LilleStortinget. Presidentskapet skal bestå av ein president og ei gruppe visepresidentar. På Stortinget er det fem visepresidentar, men de kan vere færre. Presidentskapet skal bestå av representantar frå ulike parti. Presidenten har det overordna ansvaret, men de fordeler oppgåvene internt og byter på undervegs.

De er òg på LilleStortinget. Derfor skal de avleggje stemme ved , men de er fritekne frå det politiske arbeidet med deltaking i og . De får meir enn nok å gjere med å planleggje og organisere møta i salen på LilleStortinget.

Hovudoppgåvene til presidentskapet er:

  • planleggje og leggje til rette for LilleStortinget sitt arbeid
  • sørgje for at reglane for åtferd i salen på Lillestortinget blir følgde
  • sørgje for at konstitusjonelle reglar om forholdet mellom Regjeringa og Stortinget blir etterlevde
  • sørgje for at plenumsmøta blir gjennomførte så effektivt som mogleg
  • ta imot permisjonssøknadar og lese dei opp før plenumssamlingane

Oversikt over konkrete oppgåver

Oppgåvene til presidentskapet er stort sett knytte til planlegging og gjennomføring av dei ulike plenumsmøta i salen på LilleStortinget.

Når det ikkje er møte i salen skal de vere tilgjengelege på kontoret til presidentskapet for å ta imot permisjonssøknadar, talelister og svare på spørsmål. De bør òg bruke tida til å førebu plenumsmøta. Det er viktig at de er godt førebudde, slik at møta blir så effektive som mogleg. Planlegg til dømes korleis de skal kalle fram dei som skal snakke, slik at det tek så lite tid som mogleg mellom

Her er ei oversikt over dei konkrete oppgåvene knytte til kvart enkelt møte.

Opninga

Opninga

  • Ønsk velkommen til opninga av LilleStortinget.
  • Gjer greie for eventuelle permisjonssøknader. Les opp alle namna og deretter "presidentskapet ser på permisjonssøknadane som innvilga".
  • Gjer opprop. Rop opp alle namna med representantnummer, førenamn og etternamn. Dette må gjerast effektivt.
  • Etter opprop skal ein av dykk seie "LilleStortinget er lovleg sett" og klubbe.
  • Introduser statsministeren, som skal halde . Det er òg vanleg å ha andre talarar (til dømes lærarar og eksterne gjestar) som talarar på opninga.
  • Etter trontalen gir informasjon om vidare program.
  • Avslutt med å klubbe og seie "Møtet er heva".
Trontaledebatten

Trontaledebatten

  • De har ansvar for å fordele taletid til (sjå fil under). Sørg for at alle dei får beskjed om taletid så tidleg som mogleg.
  • Pass òg på at alle leverer inn skjemaet for i trontaledebatten innan fristen (sjå program), slik at de kan gjere listene tilgjengelege for alle representantar før trontaledebatten (sjå fil under).
  • Når kallesignalet er ferdig og folk er i ferd med å setje seg, klubbar presidenten og ber representantane finne plassane sine.
  • Gjer greie for eventuelle permisjonssøknadar.
  • Orientar om reglar for trontaledebatten (taletid, talet på replikkar, organisering av debatten m.m.).
  • Under debatten må de introdusere representantane, passe på taletida og passe på at reglane blir følgde. La representantane få fullføre setninga før de avbryt og klubbar.
  • Følg med på salen i tilfelle nokon ber om .
  • Etter siste talar informerer de om neste post på programmet og hevar møtet.

Filer

Spørjetimen

Spørjetimen

  • Pass på at alle leverer inn lister med spørsmål (sjhå fil under) frå alle parti til før fristen (sjå program).
  • Gi listene med spørsmål til , slik at dei kan førebu seg.
  • Sørg for at oversikta over spørsmål er tilgjengeleg for alle representantar før spørjetimen, slik at dei kan førebu eventuelle oppfølgingsspørsmål.
  • Introduser spørsmålsstillarane med namn og parti og si kven som skal svare på spørsmålet. Be dei komme opp på talarstolen.
  • Be gjerne neste taler komme opp og gjere seg klar, slik at det går minst mogleg tid.
  • Når spørsmålsstillar har fått svar, skal de alltid spørje om han/ho ønskjer eit oppfølgingsspørsmål. Når statsråden har svart, går de vidare på lista.
  • Pass elles på at reglane blir følgde.
  • Etter siste talar informerer de om neste post på programmet og hevar møtet.

Filer

Plenumsdebatten

Plenumsdebatten

  • Lag saksliste til etter kvart som frå komiteane kjem inn.
  • Set opp ei prioritert rekkjefølgje over dei andre sakene. For ein god debatt er det lurt å ta nokre kontroversielle proposisjonar først.
  • kan delta i debatten gjennom å halde ei forklaring i ei konkret sak, dersom dette er meldt til Presidentskapet på førehand. Statsrådar kan òg be om replikk, dersom Presidentskapet opnar for det. Statsrådar har ikkje røysterett på LilleStortinget.
  • Set opp eit sakskart som blir gjort tilgjengeleg for representantane før plenumsdebatten.
  • Sørg for at nokon har fått ansvar for å telje røyster og gi resultatet til presidenten. Dette bør planleggjast godt, slik at det blir så effektivt som mogleg. De bør vurdere å bruke digitale løysingar.
  • Alle representantar ved å halde opp eit nummerskilt med representantnummer (kan òg løysast digitalt).
  • Gi følgjande opplysningar til LilleStortinget:

    • Talet på saker til behandling.
    • Sakene skal først debatterast, deretter blir dei røysta over.
    • Det er røysteplikt i LilleStortinget.
    • Det er mindretalet som får første innlegg i saka, og det er mindretalet som skal votere først i sakene.
    • Det skal haldast innlegg både frå mindretalet og frå fleirtalet for kvar sak.
    • Det blir opna for inntil tre replikkar til kvart innlegg.
    • Representantane teiknar seg til replikkar ved å vise nummerskiltet høgt og tydeleg.
    • Når innlegga er haldne og replikkane ferdig, skal sakene røystast over.
  • Introduser sakene slik: "Sak nummer X er innstilling nummer Y (namn på innstilling). Mindretalet består av (namn på parti). Fleirtalet består av (namn på parti). Første innlegg i saka går til (namn og parti) Ver så god."
  • Votering blir slik gjennomført:

    • Introduser voteringa: "Då går vi til votering. Mindretalet stemmer først. Det blir stemt." Tell røyster og noter resultat.
    • "Så røystar fleirtalet." Tell røyster og noter.
    • "Innstillinga er vedteken/forkasta med... røyster mot... røyster." Så klubbar de og går vidare til neste sak.
  • Avslutt spelet når tida er ute (det er ikkje sikkert de rekk alle saker).

Generelle reglar

Reglar for åtferd i salen på LilleStortinget

Reglar for åtferd i salen på LilleStortinget

Generelt

  • Debattar må til kvar tid bli haldne saklege.
  • Det er ikkje tillate å applaudere i salen på LilleStortinget.
  • Det er strengt forbode med mat og drikke inne i salen på LilleStortinget.
  • Det er ikkje tillate å uttrykkje støyande misnøye ved plenumssamlingar.
  • Det skal visast respekt for LilleStortinget og Presidentskapet.

Kleskode

  • Kleskoden er fint antrekk.
  • Kvinnelege representantar må ha tildekte skuldrer.
  • Mannlege representantar må ha dressjakke/fin skjorte på talarstolen.
  • Presidentskapet kan finne at antrekket er upassande og ikkje tillate at representanten kjem på talarstolen.

Replikkar og innlegg

  • Alle representantar som entrar talarstolen skal vende seg til Presidenten/presidentskapet og seie til dømes «Æra president», Gode President» eller «President».
  • Ved ønske om eller held ein nummerskilt opp med strak arm, og dessutan ein finger for innlegg og to fingrar for replikk.
  • Det er svært viktig at du viser tydelege teikn til presidentskapet.
  • Presidentskapet foreslår for LilleStortinget lengda på taletid og talet på replikkar som skal tillatast. Replikkordskifte kan omfatte inntil fem replikkar med svar, men avgrensast til tre replikkar med svar.
  • LilleStortinget sine representantar og statsrådar har avgrensa taletid ved innlegg og replikkar. Når det står att 30 sekund av taletida, vil det bli gitt eit signal.
  • I eit replikkordskifte kan same talar ikkje få ordet meir enn to gonger, bortsett frå den representanten som forårsaka replikken.

Votering

  • Alle representantane i LilleStortinget har stemmeplikt ved . Det er altså ikkje lov å røyste blankt.
  • Alle representantar voterer ved å halde opp eit nummerskilt med representantnummer (kan òg løysast digitalt)
Uparlamentarisk språkbruk

Uparlamentarisk språkbruk

I salen på Lillestortinget er det viktig å bruke eit passande språk, jfr. Forretningsordenens §38: Upassande eller fornærmeleg åtferd eller tale er ikkje tillaten. Slik åtferd eller tale skal påtalast av Presidenten.

Døme på uparlamentariske ord/uttrykk

  • Analfabetar
  • Ansvarsfråskriving
  • Arroganse
  • At representanten har svak oppfattingsevne
  • Banal
  • Bløff
  • Drit i
  • Dumsnillisme
  • Dustete
  • Faen
  • Fanteri
  • Feig
  • Feigheit
  • Flåsete
  • Forfalsking
  • Forsimpling
  • Forvirrande innlegg
  • Frekk
  • Fusk og fanteri
  • Få ut fingeren
  • Gedigen smørje
  • Hyklersk
  • Høl i hovudet
  • Idiot
  • Jævlige
  • Klovn
  • Knote
  • Kødde med
  • Latterleg
  • Lire av seg
  • Lureri
  • Lure seg unna
  • Nikkedokker
  • På trynet
  • Reine sprøyt
  • Reint bedrag
  • Robbe
  • Sammensurium
  • Skammelege
  • Slarv
  • Sludder
  • Spekkhoggar
  • Sprøyt
  • Særinteresseparti
  • Tull
  • Tøv
  • Tåpeleg
  • Vanvitige
  • Å flå

HUGS! I tillegg gjeld folkeskikk og sunn fornuft.

Permisjonssøknadar

Permisjonssøknadar

Dei som treng permisjon under møta i salen på LilleStortinget skal levere permisjonssøknad utan ugrunna opphald (så tidleg som mogleg) til Presidentskapet (sjå fil under). Presidentskapet vil då opplyse LilleStortinget om permisjonssøknadane, som formelt blir vedtekne av LilleStortinget. Dette gjer at presidentskapet og representantane i LilleStortinget er informerte om kven som er borte og kor lenge. Permisjonssøknaden skal innehalde namn, parti og tidsrom for permisjonen.

Filer

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen, Atle Oanes, Anna Kristina Lejdelin og Eirik Sundquist Torp.
Sist fagleg oppdatert 21.09.2020

Læringsressursar

LilleStortinget