Hopp til innhald

Fagstoff

Statsråd

Som statsråd eller minister er du medlem av regjeringa, og du er leiar for eit departement.
Mann og kvinne snakkar saman og ler. Kvinna held bukett med blomar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rolla di som statsråd

Som statsråd er du medlem av regjeringa, og du har ansvaret for eit departement. Det betyr at du har ansvar for politikken på eit spesielt fagområde. Du representerer partiet ditt, men du må samtidig vere lojal overfor det regjeringa blir einige om. Du bør kjempe for standpunkta til partiet ditt internt i regjeringa, men utad skal du forsvare den samla politikken til regjeringa.

Sett deg grundig inn i kva partiet ditt står for. Når de forhandlar om ei felles plattform, er det viktig at du og dine veit kva saker det er viktig å kjempe for. Det kan vere lurt å samordne dette, slik at de er einige internt i partiet om kva saker de vil jobbe for i regjeringsforhandlingane. Du bør samtidig ha oversikt over kva dei andre partia i regjeringa står for på fagområdet ditt, og kva som er dei viktigaste sakene deira.

Du har med deg ein eller fleire statssekretærar i det politiske arbeidet. Statssekretæren er ein politisk rådgivar som skal hjelpe til med å gjere research og utforme politikken på fagområdet ditt. Som statsråd må du ha oversikt over alle sakene som regjeringa foreslår. Statssekretæren din skal hjelpe deg i dette arbeidet.

Det politiske arbeidet i regjeringa

Proposisjonar

Regjeringa startar forarbeidet i god tid før sjølve rollespelet. Den viktigaste jobben i denne perioden er å skrive proposisjonar. Ein proposisjon er eit forslag frå regjeringa til LilleStortinget, som regjeringa ønskjer at LilleStortinget skal vedta. Kor mange proposisjonar som skal skrivast, avheng av kor stort rollespelet er, men vanlegvis bør ein skrive 2–4 proposisjonar per departement.

Det er ansvaret ditt å skrive proposisjonane saman med statssekretæren. Bruk oppsettet i fila under når de skriv proposisjonar.

Filer

Koalisjonsregjering

Bortsett frå ein kort periode i 2000–2001 har Noreg berre hatt koalisjonsregjeringar heilt sidan 1997. Det vil seie at fleire parti har gått saman om å danne regjering. Regjeringa di vil sannsynlegvis òg bestå av fleire parti. I arbeidet med proposisjonane må ein ta omsyn til kor store partia er. Det som bestemmer storleiken på partiet, er kor mange representantar dei har på LilleStortinget.

Kompromiss og hestehandlar

Alle partia i regjeringa bør få gjennomslag for noko av politikken sin. Når det er ueinigheit om ei sak, kan det løysast på ulike måtar. Av og til kan ein komme fram til eit kompromiss, det vil seie at ein landar på ei løysing som ligg ein stad mellom ytterpunkta. Dette kan til dømes vere naturleg når det er snakk om å løyve pengar eller å innføre skattar og avgifter.

I andre situasjonar er det vanskeleg å finne eit kompromiss. Då må ein gi og ta litt. Ei løysing er at at somme får gjennom sin vilje i ei sak, mot at dei andre får sin vilje i ei anna sak. Slike såkalla politiske hestehandlar blir ofte kritiserte fordi dei ofte handlar om prinsipielle saker, og partane får derfor gjerne kritikk for å ha svikta prinsippa sine.

Partileiar?

Som statsråd kan du òg vere partileiar. Dette kan vere ein litt vanskeleg kombinasjon, sidan du både skal representere regjeringa og partiet. Du må prøve å balansere dette, slik at du klarer å få fram meiningane til partiet ditt samtidig som du ikkje tråkkar dei andre regjeringspartia på tærne. I partileiardebatten kan det derfor vere lurt å fokusere på det partiet ditt har fått gjennomslag for i regjeringa, og først og fremst kritisere dei partia som ikkje sit i regjering.

Regjeringa og LilleStortinget

Medlemmane i regjeringa sit ikkje på LilleStortinget og har derfor ikkje røysterett i sakene som skal vedtakast. Grunnen til dette er at Noreg blir styrt etter eit maktfordelingsprinsipp som seier at den utøvande makta, den lovgivande makta og den dømmande makta skal vere delt. Du er del av den utøvande makta, Regjeringa, mens LilleStortinget er den lovgivande makta. Den dømmande makta er domstolane.

Dette betyr at alt de i regjeringa ønskjer å få gjennomført, må bli vedteke på LilleStortinget. Då er det viktig at du har god kontakt med for partiet ditt på LilleStortinget. Slik kan de sikre at representantane på LilleStortinget er lojale til politikken til regjeringa.

Viss du sit i ei , er det ikkje nødvendig å søkje støtte hos partia som ikkje sit i regjering. Viss du derimot sit i ei , vil det vere nødvendig å få med minst eitt anna parti til for å få gjennom sakene. Det er viktig at du tek ansvar for proposisjonane dine. I dette arbeidet bør du ha nær kontakt med dei aktuelle og dei aktuelle partileiarane for å undersøkje moglegheiter for samarbeid om enkelte saker.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen, Eirik Sundquist Torp, Anna Kristina Lejdelin og Atle Oanes.
Sist fagleg oppdatert 12.05.2020

Læringsressursar

LilleStortinget