Politisk rådgivar på LilleStortinget
Vi håper du har fått den rolla du ønsker deg og at du gler deg til å tre inn i ho. Det viktigaste i rolla di er:
- Spel rolla di.
- Ver aktiv i politiske debattar og politisk arbeid.
- Sett deg inn i hovudsakene til partiet ditt og skaff deg kunnskap om dei sakene som blir tekne opp.
- Gjer ditt beste som rådgivar for partiet ditt og ver lojal.
HUGS! Det er meiningane til partiet ditt som du skal stå for og forsvare, ikkje dine eigne!
I tillegg til det som er samla her om rolla di, må du ha oversikt over kva som skjer når. Det får du i skulen sitt eige program.
Politisk rådgivar er ein person som hjelper politikarar med å utforme politikk, er ein del av den politiske staben og kontaktperson til media, viss rollespelet har mediedekning. I LilleStortinget vil du jobbe saman med ein eller fleire andre politiske rådgivarar med å støtte den parlamentariske leiaren i å leie partiet og førebu debattar. Du skal òg støtte representantane til partiet ditt i komiteane.
Dersom partileiar er borte, trer du inn i rolla hans/ hennar. Det er dermed viktig at du har full innsikt i kva partiet ditt meiner om sakene i spelet. Du bør òg setje deg godt inn i rolla til den parlamentariske leiaren. Dette finn du nedst i denne artikkelen under relaterte artiklar. Du bør òg setje deg inn i dei andre artiklane som ligg her, slik at du har god oversikt over det politiske spelet.
De bør fordele proposisjonane mellom dykk slik at de blir «ekspertar» på nokon av dei. Då kan de drille den parlamentariske leiaren dykkar på dei sakene de er ekspertar på, og hjelpe partimedlemmane rundt om i komitearbeidet.
Dersom nokre representantar blir sjuke, kan du tre inn i rolla deira og delta som representant på LilleStortinget. Då får du både røyste- og talerett.
Relatert innhald
Her finn du ei oversikt over det politiske arbeidet som blir gjort i partigruppene og fagkomiteane.
Her finn du informasjon om dei tre plenumsmøta i rollespelet LilleStortinget: Trontaledebatten, spørjetimen og plenumsdebatten.