Hopp til innhald

Fagstoff

Regjeringa

Regjeringa byrjar arbeidet lenge før rollespelet startar. Kva gjer regjeringa? Korleis fungerer eigentleg forholdet mellom regjeringa og LilleStortinget?
Kong Harald og kronprins Haakon held statsråd på Slottet med den påtroppande regjeringa Solberg i 2013. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Statsministeren og regjeringa

Statsministeren leier arbeidet i regjeringa og er regjeringa sitt ansikt utad. Sjølv om statsministeren representerer sitt eige parti, er hovudoppgåva til statsministeren å få regjeringa til komme til einigheit.

I tillegg til statsministeren består regjeringa av statsrådane, som er ansvarlege for kvart sitt departement. Eit departement har ansvar for politikken på eit spesielt fagområde, til dømes utdanning, klima eller utanrikspolitikk. I rollespelet har departementa same namn som på LilleStortinget. Det betyr at til dømes alle proposisjonar frå finansdepartementet blir behandla i finanskomiteen på LilleStortinget.

Alle i regjeringa har dessutan kvar sin statssekretær. Statssekretæren er ein politisk rådgivar som skal hjelpe til med å gjere research og utforme politikken.

Det politiske arbeidet i regjeringa

Proposisjonar

Regjeringa startar forarbeidet i god tid før sjølve rollespelet. Den viktigaste jobben i denne perioden er å skrive proposisjonar. Ein proposisjon er eit forslag frå regjeringa til LilleStortinget, som regjeringa ønskjer at LilleStortinget skal vedta. Kor mange proposisjonar som skal skrivast, avheng av kor stort rollespelet er, men vanlegvis bør ein skrive 2–4 proposisjonar per departement.

Koalisjonsregjering

Bortsett frå ein kort periode i 2000–2001 har Noreg berre hatt koalisjonsregjeringar heilt sidan 1997. Det vil seie at fleire parti har gått saman om å danne regjering. Regjeringa i dette rollespelet vil sannsynlegvis òg bestå av fleire parti. I arbeidet med proposisjonane må regjeringa derfor ta omsyn til kor store partia er. Det som bestemmer storleiken på partiet, er kor mange representantar dei har på LilleStortinget.

Kompromiss og hestehandlar

Statsministeren må sørgje for at alle partia i regjeringa føler at dei får noko igjen for å sitje i regjering. Når det er ueinigheit om ei sak, kan det løysast på ulike måtar. Av og til kan ein komme fram til eit kompromiss, det vil seie at ein landar på ei løysing som ligg ein stad mellom ytterpunkta. Dette kan til dømes vere naturleg når det er snakk om å løyve pengar eller å innføre skattar og avgifter.

I andre situasjonar er det vanskeleg å finne eit kompromiss. Då må ein gi og ta litt. Ei løysing er at somme får gjennom sin vilje i ei sak, mot at dei andre får sin vilje i ei anna sak. Slike såkalla politiske hestehandlar blir ofte kritiserte fordi dei ofte handlar om prinsipielle saker, og partane får derfor gjerne kritikk for å ha svikta prinsippa sine.

Regjeringa og LilleStortinget

Medlemmane i regjeringa sit ikkje på LilleStortinget og har derfor ikkje røysterett i sakene som skal bli vedtekne. Grunnen til dette er at Noreg blir styrt etter eit maktfordelingsprinsipp som seier at den utøvande makta, den lovgivande makta og den dømmande makta skal vere delt. I dette rollespelet er Regjeringa den utøvande makta, mens LilleStortinget er den lovgivande makta. Den dømmande makta er domstolane.

Dette betyr at alt regjeringa ønskjer å få gjennomført, må vedtakast på LilleStortinget. Då er det viktig at statsministeren har god kontakt med for partiet sitt på LilleStortinget. Dei andre partileiarane i regjeringa bør òg ha god kontakt med dei parlamentariske leiarane sine. Slik kan regjeringa sikre at representantane på LilleStortinget er lojale til politikken til regjeringa.

Viss rollespelet har ei , er det ikkje nødvendig å søkje støtte hos partia som ikkje sit i regjering (opposisjonspartia). Viss regjeringa derimot er ei , vil det vere nødvendig å få med minst eitt anna parti til for å få gjennom sakene. Då bør statsrådane ha nær kontakt med og dei aktuelle partileiarane for å undersøkje moglegheiter for samarbeid om enkelte saker.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen, Anna Kristina Lejdelin, Eirik Sundquist Torp og Atle Oanes.
Sist fagleg oppdatert 22.09.2020

Læringsressursar

LilleStortinget