Her er ei oversikt over kva som er ansvaret ditt som parlamentarisk leiar og partileiar for eit opposisjonsparti på LilleStortinget.
Vi håper du har fått den rolla du ønskjer deg og at du gler deg til å tre inn i ho. Sett deg grundig inn i rolla di og gjer godt forarbeid.
Rolla di som parlamentarisk leiar/partileiar
Partileiarane for opposisjonsparti er òg parlamentariske leiarar i dette rollespelet. Slik er det som regel òg i verkelegheita. Du er den øvste leiaren for partiet og samtidig leiaren for partigruppa på LilleStortinget, det vil seie alle som representerer partiet ditt.
Du skal leie partigruppemøta og har det overordna ansvaret for at partigruppa bestemmer seg for kva ho skal meine om alle sakene som er til behandling i alle komitear. Det er fint om du kan leggje til rette for debattar internt i partigruppemøta og hjelpe partimedlemmane med gode argument i sakene.
Du sit ikkje i ein komité, men du skal, saman med rådgivarane dine, rettleie og støtte partimedlemmane i arbeidet deira. Du bør fordele proposisjonane mellom dei politiske rådgivarane dine slik at dei kan oppdatere deg på sakene, komme med gode argument, drille deg før debattar osb.
Du er òg representant på LilleStortinget. Set deg derfor inn i rolleskildringa for representantar. Denne finn du nedst under relaterte artiklar, saman med andre ressursar som er nyttige for deg.
Hugs:
Spel rolla di.
Ver aktiv i politiske debattar og politisk arbeid.
Sett deg inn i hovudsakene til partiet ditt, og skaff deg kunnskap om dei sakene som er til behandling i komiteane.
Det er meiningane til partiet ditt som du skal stå for og forsvare, ikkje dine eigne.
Ha kontroll på programmet.
Oversikt over konkrete oppgåver
Klokkeslett og romfordeling finn du i skulen sitt eige program.
Dag 1
Informasjonsmøte for parlamentariske leiarar
Etter opninga skal du delta på dette informasjonsmøtet. Du bør ta notat.
Første partigruppemøte
Ta opprop og noter kven som ikkje er til stades.
Stadfest at partigruppa godkjenner (er samde i) valet av den parlamentariske leiaren. Dette kan gjerast gjennom handsopprekking.
Vel nestleiar og referent. Desse rollene bør gå til rådgivarane.
Referenten skriv referat og hjelper til med å notere rekkjefølgja på dei som vil seie noko i møtet.
Gå gjennom sakene frå trontalen til statsministeren og diskuter kva de bør leggje vekt på i trontaledebatten.
Gå gjennom proposisjonane og diskuter kva saker som er dei viktigaste for gruppa å protestere mot, kva som kan godtakast som dei er og kva for nokre av dei som kan forhandlast om.
Bruk voteringsskjemaet til å halde oversikt (sjå fil under).
Under fagkomitemøta
Du skal ikkje delta i fagkomitemøta, men du og rådgivarane dine bør vere tilgjengelege for partifellane dine (gjerne digitalt), slik at de kan støtte dei undervegs i behandlinga av proposisjonane. Du kan òg bruke tida til å ta kontakt med dei parlamentariske leiarane for andre parti for å undersøkje moglegheiter for samarbeid og forhandling i dei ulike sakene.
Andre partigruppemøte
Ta ein runde med tilbakemeldingar frå dei første komitemøta og diskuter eventuelle nye innstillingar.
Diskuter om det er aktuelt å utforme representantforslag (kan gjerast når som helst i spelet).
Fordel den samla taletida i partigruppa i trontaledebatten på gruppemedlemmane.
Lever taleskjema for trontaledebatten til presidentskapet(sjå fil under). Frist står i programmet.
Fordele og lage spørsmål til spørjetimen.
Levere spørsmåla til spørjetimen (sjå fil under). Frist står i programmet.
Trontaledebatt
Du skal delta i trontaledebatten og støtte partifellane dine.
Tredje partigruppemøte
Ta ein runde med tilbakemeldingar frå dei andre komitemøta, klargjer eventuelle uklarleikar og diskuter eventuelle nye innstillingar.
Førebu partileiardebatten. Sørg for at du får hjelp av partifellane og rådgivarane dine til utforme gode argument for standpunktet til partiet i dei ulike sakene.
Partileiardebatt
Delta på partileiardebatten.
Dag 2
Fjerde partigruppemøte
Førebuing til spørjetime.
Spørjetime
Du skal delta i spørjetimen og støtte partifellane dine.
Femte partigruppemøte
Førebuing til plenumsdebatten.
Sikre at alle veit kva dei skal røyste i dei ulike sakene.
Bruk voteringsskjemaet til å halde oversikt (sjå fil under). Alle i gruppa bør få eit ferdig utfylt voteringsskjema. Hugs også å gi voteringsskjemaet til eventuelle partifellar i presidentskapet.
Plenumsdebatt og votering
Du skal delta i plenumsdebatten og voteringa, støtte partifellane dine og gi frå seg røyst.