Hopp til innhald

Fagstoff

Dramatikk i salen på LilleStortinget

Noko av det mest dramatiske som kan skje på Stortinget er at regjeringa må gå av. Utanom val kan det skje på to måtar: mistillitsvotum og kabinettsspørsmål.
Einar Gerhardsen sit i Stortingssalen med solbriller på og lyttar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vil du ha litt dramatikk i rollespelet? Då har du komme til riktig stad. Regjeringa kan true med å gå av viss dei ikkje får viljen sin gjennom i LilleStortinget (kabinettsspørsmål), og LilleStortinget kan avsetje ein statsråd eller ei heil regjering gjennom eit mistillitsvotum.

Mistillitsvotum

Mistillitsvotum vil seie at LilleStortinget røystar over om regjeringa har LilleStortinget sin tillit. Meiner LilleStortinget at regjeringa ikkje har tillit, må regjeringa gå av. Viss vurderer mistillit, bør partileiarane i opposisjonen gå saman og diskutere kva saker som skal vere grunnlaget for mistillitsforslaget.

  • Mistillitsforslaget skal leverast presidentskapet skriftleg. Det er vanleg at leiaren for det største opposisjonspartiet framfører og utdjupar mistillitsforslaget frå talarstolen på LilleStortinget. Dette vil i tilfelle bli ei av sakene til behandling i plenumsdebatten.
  • Dersom mistillitsforslaget får fleirtal, må regjeringa gå av.
  • Ei ny regjering må ha støtte frå minst halvparten av representantane på LilleStortinget. Dersom det ikkje er for ny regjering, held «den gamle» regjeringa fram som .
  • Dersom det er eit avklart parlamentarisk grunnlag for ny regjering, vil det skje eit regjeringsskifte. Då må den nye statsministeren halde tiltredingserklæringa si og leggje fram statsrådslista for LilleStortinget.
  • Mistillitsforslag kan bli fremja av alle representantar på LilleStortinget i samband med behandling av ei sak, men det kan òg bli fremja på generelt grunnlag. Det skal likevel alltid grunngivast.
  • Mistillitsvotum går vanlegvis føre seg ved namneopprop der alle representantar reiser seg og seier at dei er for eller mot.
  • Av praktiske årsaker bør eventuelle mistillitsforslag fremjast seinast på morgonen dag 2, og at forslagsstillarar avklarer det formelle og praktiske med prosjektleiinga i forkant.

Kabinettsspørsmål

Kabinettsspørsmål vil seie at regjeringa ber om LilleStortinget si støtte i samband med behandling av ei sak i plenum. Regjeringa seier då i praksis at ho vil gå av dersom ikkje fleirtalet på LilleStortinget røystar for regjeringsforslaget.

  • Kabinettsspørsmål blir fremja av Statsministeren på vegner av Regjeringa.
  • Måten ein røystar på er den same som ved mistillitsforslag.
  • Får ikkje Regjeringa fleirtal, går dei av.
  • Dersom det er eit avklart parlamentarisk fleirtal for ny regjering, vil det kunne skje eit regjeringsskifte. Då må den nye statsministeren halde tiltredingserklæringa si og leggje fram statsrådslista for LilleStortinget.
  • Dersom det ikkje er parlamentarisk grunnlag for ny regjering, held «den gamle» regjeringa fram som forretningsministerium.
CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen, Atle Oanes, Anna Kristina Lejdelin og Eirik Sundquist Torp.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2020

Læringsressursar

LilleStortinget