Hopp til innhald

Fagstoff

Plenumsmøta i salen på LilleStortinget

I salen på LilleStortinget er heile LilleStortinget samla. Representantane sit fylkesvis og med representantnummer.
Kongen overrekker ein tale til stortingspresidenten under opninga av Stortinget. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er tre viktige aktivitetar som skjer i salen på LilleStortinget forutan opning av LilleStortinget. Desse er trontaledebatten, spørjetimen og plenumsdebatten. Alt arbeid i partigrupper og komitear skal førebu dykk på desse aktivitetane. Tidspunkta for plenumsmøta finn du i programmet til skulen.

Trontaledebatten

I trontaledebatten blir Regjeringa sin trontale frå opninga debattert. Trontalen handlar om Regjeringa sin politikk, særleg hovudprioriteringane og den politisk profilen.

Trontaledebatten blir òg kalla «s debatt». I partigruppemøta skal de bli samde om kva i Regjeringa sin politikk de ønskjer å halde innlegg om. Det er gjerne om saker der partiet er usamd eller at Regjeringa manglar politikk.

Trontaledebatten blir gjennomført på dag 1 og er på totalt 90 minutt.

Fordeling av tid

  • 60 minutt blir fordelte på partia til innlegg. Ved fordelinga av taletida er det teke utgangspunkt i kor mange representantar partiet har i LilleStortinget. Dei parlamentariske leiarane får beskjed om taletida av partiet sitt frå .
  • Regjeringa blir tildelt fem minutt taletid. Taletida blir teken av kvota til regjeringspartia.
  • Dei resterande 30 minutta blir sette av til replikkar. Vi startar med inntil to replikkar per innlegg.

Dette skal bli bestemt på partigruppemøte dag 1

  • kva for nokre av representantane til partiet som skal halde innlegg
  • kva tema den enkelte representanten skal seie noko om
  • kor lenge den enkelte representanten skal tale

Spørjetimen

I spørjetimen stiller LilleStortinget sine representantar spørsmål til regjeringsmedlemmane. Representantane har sendt inn skriftlege spørsmål på førehand og framfører sjølve spørsmåla frå talarstolen ved LilleStortinget. Oversikt over alle spørsmål og rekkjefølgja på desse vil bli delt ut til alle representantar i forkant av spørjetimen.

Dette bør de tenkje på

  • Spørsmåla skal formulerast innanfor ei ramme på 2 minutt.
  • Spørsmåla blir retta normalt til ein statsråd, men kan òg rettast generelt til Regjeringa.
  • Spørsmåla blir stilte frå LilleStortingets talarstol. Er ikkje spørsmålsstillaren til stades, kan ein annan representant framføre spørsmålet i hans/hennar stad. Skjer ikkje dette, blir spørsmålet rekna som falle bort.
  • Når representanten har fått svar på det skriftlege spørsmålet sitt frå ein minister, har representanten rett til oppfølgingsspørsmål eller sluttmerknad.
  • Oppfølgingsspørsmål har ikkje statsråden fått førebu seg på. Det kan derfor vere lurt å tenke ut moglege oppfølgingsspørsmål for å vippe statsråden av pinnen.
  • Spørsmålsstillaren frå opposisjonspartia blir oppmoda til å stille oppfølgingsspørsmål for å få ein god debatt i LilleStortinget.

Plenumsdebatten

Plenumsdebatten er avslutninga og høgdepunktet i rollespelet. Her skal innstillingane frå komiteane leggjast fram, bli debatterte og bli røysta over.

  • Det er ikkje tid til å diskutere alle saker, og dermed vil saker der det er stor usemje bli prioritert.
  • Det er røysteplikt ved i LilleStortinget og alle representantar må vite kva partiet deira røyster i alle saker som er oppe til votering.
  • Sakene som blir debatterte i plenumsdebatten tek utgangspunkt i komiteinnstillingane, og det er mindretalet som får første innlegg i saka. Fleirtalet held innlegget sitt etter det og begge partar skal halde innlegg for kvar sak.
  • I salen på LilleStortinget blir det opna for inntil tre replikkar til kvart innlegg.
  • Representantane teiknar seg til replikkar ved å vise nummerskiltet høgt og tydeleg.
  • kan delta i debatten gjennom å halde ei forklaring i ei konkret sak, dersom dette er meldt til Presidentskapet på førehand. Statsrådar kan òg be om replikk, dersom Presidentskapet opnar for det. Statsrådar har ikkje røysterett på LilleStortinget.
  • Når innlegga er haldne og replikkane ferdig, skal sakene røystast over.
  • Plenumsdebatten held fram til presidentskapet avsluttar LilleStortinget eller at Regjeringa må gå av grunna kabinettspørsmål eller mistillitsforslag.
Reglar for åtferd i salen på LilleStortinget

Reglar for åtferd i salen på LilleStortinget

Generelt

  • Debattar må til kvar tid bli haldne saklege.
  • Det er ikkje tillate å applaudere i salen på LilleStortinget.
  • Det er strengt forbode med mat og drikke inne i salen på LilleStortinget.
  • Det er ikkje tillate å uttrykkje støyande misnøye ved plenumssamlingar.
  • Det skal visast respekt for LilleStortinget og Presidentskapet.

Kleskode

  • Kleskoden er fint antrekk.
  • Kvinnelege representantar må ha tildekte skuldrer.
  • Mannlege representantar må ha dressjakke/fin skjorte på talarstolen.
  • Presidentskapet kan finne at antrekket er upassande og ikkje tillate at representanten kjem på talarstolen.

Replikkar og innlegg

  • Alle representantar som entrar talarstolen skal vende seg til Presidenten/presidentskapet og seie til dømes «Æra president», Gode President» eller «President».
  • Ved ønske om eller held ein nummerskilt opp med strak arm, og dessutan ein finger for innlegg og to fingrar for replikk.
  • Det er svært viktig at du viser tydelege teikn til presidentskapet.
  • Presidentskapet foreslår for LilleStortinget lengda på taletid og talet på replikkar som skal tillatast. Replikkordskifte kan omfatte inntil fem replikkar med svar, men avgrensast til tre replikkar med svar.
  • LilleStortinget sine representantar og statsrådar har avgrensa taletid ved innlegg og replikkar. Når det står att 30 sekund av taletida, vil det bli gitt eit signal.
  • I eit replikkordskifte kan same talar ikkje få ordet meir enn to gonger, bortsett frå den representanten som forårsaka replikken.

Votering

  • Alle representantane i LilleStortinget har stemmeplikt ved . Det er altså ikkje lov å røyste blankt.
  • Alle representantar voterer ved å halde opp eit nummerskilt med representantnummer (kan òg løysast digitalt)
Uparlamentarisk språkbruk

Uparlamentarisk språkbruk

I salen på Lillestortinget er det viktig å bruke eit passande språk, jfr. Forretningsordenens §38: Upassande eller fornærmeleg åtferd eller tale er ikkje tillaten. Slik åtferd eller tale skal påtalast av Presidenten.

Døme på uparlamentariske ord/uttrykk

  • Analfabetar
  • Ansvarsfråskriving
  • Arroganse
  • At representanten har svak oppfattingsevne
  • Banal
  • Bløff
  • Drit i
  • Dumsnillisme
  • Dustete
  • Faen
  • Fanteri
  • Feig
  • Feigheit
  • Flåsete
  • Forfalsking
  • Forsimpling
  • Forvirrande innlegg
  • Frekk
  • Fusk og fanteri
  • Få ut fingeren
  • Gedigen smørje
  • Hyklersk
  • Høl i hovudet
  • Idiot
  • Jævlige
  • Klovn
  • Knote
  • Kødde med
  • Latterleg
  • Lire av seg
  • Lureri
  • Lure seg unna
  • Nikkedokker
  • På trynet
  • Reine sprøyt
  • Reint bedrag
  • Robbe
  • Sammensurium
  • Skammelege
  • Slarv
  • Sludder
  • Spekkhoggar
  • Sprøyt
  • Særinteresseparti
  • Tull
  • Tøv
  • Tåpeleg
  • Vanvitige
  • Å flå

HUGS! I tillegg gjeld folkeskikk og sunn fornuft.

Permisjonssøknadar

Permisjonssøknadar

Dei som treng permisjon under møta i salen på LilleStortinget skal levere permisjonssøknad utan ugrunna opphald (så tidleg som mogleg) til Presidentskapet. Presidentskapet vil då opplyse LilleStortinget om permisjonssøknadane, som formelt blir vedtekne av LilleStortinget. Dette gjer at presidentskapet og representantane i LilleStortinget er informerte om kven som er borte og kor lenge. Permisjonssøknaden skal innehalde namn, parti, tidsrom for permisjonen og årsak til permisjonen.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen, Atle Oanes, Anna Kristina Lejdelin og Eirik Sundquist Torp.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2020

Læringsressursar

LilleStortinget