Hopp til innhald
Fagartikkel

Statsminister

Gratulerer med rolla som statsminister! Set deg grundig inn i rolla di og gjer godt forarbeid.

Rolla di som statsminister

Som statsminister leier du arbeidet i regjeringa og er regjeringa sitt ansikt utad. Sjølv om du representerer partiet ditt, er hovudoppgåva di å få regjeringa til komme til einigheit. Du bør kjempe for standpunkta til partiet ditt internt i regjeringa, men utad skal du forsvare den samla politikken til regjeringa. Set deg grundig inn i kva partiet ditt står for. Du bør samtidig ha ei viss oversikt over kva dei andre partia i regjeringa står for, og kva som er dei viktigaste sakene deira.

Regjeringa består av statsrådane, som er ansvarlege for kvart sitt departement, og deg som er leiaren. Alle i regjeringa har dessutan kvar sin statssekretær. Statssekretæren er ein politisk rådgivar som skal hjelpe til med å gjere research og utforme politikken. Som statsminister må du ha oversikt over alle sakene som regjeringa foreslår. Statssekretæren din skal hjelpe deg i dette arbeidet. Statssekretæren kan òg skrive referat i møta.

Det politiske arbeidet i regjeringa

Proposisjonar

Regjeringa startar forarbeidet i god tid før sjølve rollespelet. Den viktigaste jobben i denne perioden er å skrive proposisjonar. Ein proposisjon er eit forslag frå regjeringa til LilleStortinget som regjeringa ønskjer at LilleStortinget skal vedta. Kor mange proposisjonar som skal skrivast, avheng av kor stort rollespelet er, men vanlegvis bør ein skrive 2–4 proposisjonar per departement.

Du har eit overordna ansvar for at det blir skrive proposisjonar i alle departement. Du skal òg sørgje for at regjeringa kan stå samla bak proposisjonane. Alle treng ikkje vere einige i alle proposisjonane, men alle må føle at dei får med noko av politikken sin.

Du kan gjerne hjelpe til i skrivinga. Bruk oppsettet og instruksjonane i fila under.

Filer

Koalisjonsregjering

Bortsett frå ein kort periode i 2000–2001 har Noreg berre hatt koalisjonsregjeringar heilt sidan 1997. Det vil seie at fleire parti har gått saman om å danne regjering. Regjeringa di vil sannsynlegvis òg bestå av fleire parti. I arbeidet med proposisjonane må ein ta omsyn til kor store partia er. Det som bestemmer storleiken på partiet, er kor mange representantar dei har på LilleStortinget.

Du tilhøyrer sannsynlegvis det største av regjeringspartia. Det er derfor naturleg at partiet ditt får mest gjennomslag for politikken sin når de skriv proposisjonar. Samtidig er det viktig å hugse at partiet ditt er avhengig av dei mindre partia. Derfor får vanlegvis små parti likevel ganske mykje å seie i ei regjering.

Kompromiss og hestehandlar

Som statsminister må du sørgje for at alle partia i regjeringa føler at dei får noko igjen for å sitje i regjering. Når det er ueinigheit om ei sak, kan det løysast på ulike måtar. Av og til kan ein komme fram til eit kompromiss, det vil seie at ein landar på ei løysing som ligg ein stad mellom ytterpunkta. Dette kan til dømes vere naturleg når det er snakk om å løyve pengar eller å innføre skattar og avgifter.

I andre situasjonar er det vanskeleg å finne eit kompromiss. Då må ein gi og ta litt. Ei løysing er at nokon får gjennom sin vilje i ei sak mot at dei andre får sin vilje i ei anna sak. Slike såkalla politiske hestehandlar blir ofte kritiserte fordi dei ofte handlar om prinsipielle saker, og partane får derfor gjerne kritikk for å ha svikta prinsippa sine.

Partileiar

Statsministeren er som regel òg leiar for partiet sitt. Dette kan vere ein litt vanskeleg kombinasjon, sidan du både skal representere regjeringa og partiet. Som statsminister må du balansere dette, slik at du klarer å få fram meiningane til partiet ditt samtidig som du ikkje tråkkar dei andre regjeringspartia på tærne. I partileiardebatten kan det derfor vere lurt å fokusere på det partiet ditt har fått gjennomslag for i regjeringa, og først og fremst kritisere dei partia som ikkje sit i regjering.

Regjeringa og LilleStortinget

Regjeringa sine medlemmar sit ikkje på LilleStortinget og har derfor ikkje røysterett i sakene som skal bli vedtekne. Grunnen til dette er at Noreg blir styrt etter eit maktfordelingsprinsipp som seier at den utøvande makta, den lovgivande makta og den dømmande makta skal vere delt. Du er leiar for den utøvande makta, Regjeringa, mens LilleStortinget er den lovgivande makta. Den dømmande makta er domstolane.

Dette betyr at alt de i regjeringa ønskjer å få gjennomført, må vedtakast på LilleStortinget. Då er det viktig at du har god kontakt med den for partiet ditt på LilleStortinget. Du bør òg sørgje for at dei andre partileiarane i regjeringa har god kontakt med dei parlamentariske leiarane sine. Slik kan de sikre at representantane på LilleStortinget er lojale til politikken til regjeringa.

Viss du leier ei , er det ikkje nødvendig å søkje støtte hos partia som ikkje sit i regjering (opposisjonen). Viss du derimot leier ei , vil det vere nødvendig å få med minst eitt anna parti til for å få gjennom sakene. Då bør du sørgje for at statsrådane tek ansvar for sakene sine. I dette arbeidet bør statsrådane ha nær kontakt med og dei aktuelle partileiarane for å undersøkje moglegheiter for samarbeid om enkelte saker.

Oversikt over konkrete oppgåver

Oversikt over konkrete oppgåver

Førebuingsperioden

I perioden før rollespelet startar, skal du

  • leie arbeidet med å skrive proposisjonar
  • sørgje for at alle partia i regjeringa blir nøgde med den felles politikken til regjeringa
  • førebu tale til kickoff og trontalen
  • gjere førebuingar til partileiardebatten

Kickoff

  • halde tale

Dag 1

  • halde trontale
  • delta i trontaledebatten
  • delta i partileiardebatten

Dag 2

  • førebu spørjetime
  • delta på spørjetime
  • delta i plenumsdebatt
  • vere til stades under voteringa