Hopp til innhald

Fagstoff

Imperialismens tidsalder

Frå 1500-talet innleidde Europa ei ny tid der Spania og Portugal gjorde koloniar til ein fast del av europeisk politikk. I andre halvdel av 1800-talet kom det ei ny jakt på koloniar. Kva kjenneteikna eigentleg denne perioden?

Imperialisme, imperiebygging og nyimperialisme

Imperialisme og imperiebygging blir kjenneteikna ved at ein stat eller ein herskar skaffar seg kontroll over landområde, statar, nasjonar eller folkegrupper som i utgangspunktet ikkje høyrer til deira område. Denne koloniseringa kan gå føre seg politisk, økonomisk og kulturelt. At statar utvidar si territoriale makt på kostnad av andre, er ikkje noko nytt, det har skjedd til alle tider.

Den europeiske imperialismen i åra 1870–1914 skil seg likevel frå tidlegare former for kolonisering. Ofte blir omgrepet nyimperialisme brukt om denne ekspansjonen, og han har følgjande kjenneteikn:

  • Enorme område vart lagde under dei europeiske kolonimaktene på svært kort tid. Tempoet og omfanget var altså større enn før.

  • Rivaliseringa mellom stormaktene førte til eit kappløp om å skaffe seg kontroll over mest mogleg område.

  • Dei underlagde områda vart tvinga til å gi frå seg politisk og økonomisk kontroll til europeiske statar.

  • Den europeiske aggresjonen sette mykje djupare spor i dei ramma områda enn under kolonitida frå 1500-talet til 1800-talet.

Imperialismens tidsalder 1870–1914

Sidan 1500-talet hadde europeiske stormakter, spesielt Spania og Portugal, oppretta ei rekkje koloniar i Latin-Amerika. Dette blir kalla den europeiske oversjøiske ekspansjonen og vart innleidd med reisa til Christoffer Columbus i 1492. Dei fleste av desse koloniane fekk sjølvstendet sitt i løpet av 1700-talet og byrjinga av 1800-talet.

I perioden 1870–1914 kjem det ein ny periode med kolonisering kjent som imperialismens tidsalder, eller nyimperialismen. I løpet av desse få tiåra erobra dei europeiske stormaktene nesten heile Afrika og territorium i Asia og Amerika.

Kvifor skjedde dette no?

Imperialismen som gjekk føre seg i perioden 1870–1914, var på mange måtar resultatet av ei rekkje utviklingstrekk i Europa på 1800-talet. Industrialisering, nasjonalisme, sterkare stormakter i Europa og auka konkurranse mellom dei førte til ein intens kamp om koloniar, spesielt i Afrika.

Storbritannia og Frankrike, som var veletablerte kolonimakter på denne tida, gjekk i spissen for å sikre fleire oversjøiske landområde. Desse vart no utfordra av nye, aggressive statar i Europa, som nasjonalstatane Tyskland og Italia. I tillegg ønskte Kong Leopold 2. av Belgia eigne koloniar i Afrika.

Sjølv om imperialismens tidsalder ofte blir tidfesta til perioden 1870–1914, er det viktig å hugse på at her er det flytande overgangar. Frankrike hadde til dømes allereie starta erobringa av Algerie i 1830 og hadde byrja å vise meir interesse for Indokina. I same periode hadde Storbritannia styrkt sin posisjon i India. Dette innebar mellom anna å skaffe seg kontroll over strategiske punkt langs sjøvegen til India, til dømes ved å kjøpe partar i Suezkanalen som knyter saman Middelhavet og Raudehavet.

Tenk etter

  • Kva er det første du tenkjer på når du høyrer omgrepet imperialisme?

  • Kva er eigentleg forskjellen når du samanliknar koloniseringa som fann stad på 1500- og 1600-talet med imperialismen i perioden 1870–1914?

Kjelder

Knudsen, O. F. (2021, 6. juli). Imperialisme. I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/imperialisme

Knudsen, O. F., Hansen, K. F., Ryste, M. E., Hovde, K.O., Steen, T., Greve, T. (2021, 10 juni). Kolonialisme. I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/kolonialisme

Palmer, R. R., Colton, J. Kramer, L. (2002). A history of the modern world (ninth edition). Mcgraw-Hill. New York.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2022

Læringsressursar

Kolonialisme og imperialisme