Hopp til innhald

Fagstoff

Kontroll over sjøvegen til Austen

Kontroll over Raudehavet og Suezkanalen i Egypt var ein nøkkel i den franske og britiske imperiebygginga. Då kanalen vart opna i 1869, fekk både det britiske og det franske imperiet større økonomisk, politisk og militær innverknad over Afrika og Asia.
Prosesjon av skip som seglar gjennom Suezkanalen i november 1869. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Suezkanalen

Reise- og handelsrutene mellom Europa og Asia har tradisjonelt gått over land langs silkevegen eller på sjøen rundt Afrika. Desse rutene var både farlege og langsame. Gjennom historia har det vore fleire planar om å etablere ei kortare rute gjennom Middelhavet til Raudehavet, men då måtte det først byggjast ein kanal mellom desse to hava.

I 1859 vart arbeidet på ein slik kanal starta, og i 1869 opna endeleg Suezkanalen som forkorta reisetida med omtrent 30 dagar mellom Europa og Asia. Dette var spesielt viktig med tanke på auken av den globale handelen som følgje av industrialiseringa. Vegen til Austen hadde no vorte betydeleg kortare, men kanalen gjorde det òg lettare å sikre seg politisk kontroll over område i Asia og Afrika.

Strategisk viktig

Kart som viser Suezkanalen frå Port Said til Suez. Kart.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det sterke ønsket til britane om kontroll over Suezkanalen hang saman med dei nære banda til dei indiske områda som britane hadde hatt i over hundre år. Kontroll med sjøvegen austover var strategisk viktig. Franske politikarar tenkte på same måten. Frå 1850-åra hadde franske misjonærar og handelsmenn etablert ein stasjon sør i Vietnam. Dei ønskte å utvide den franske kontrollen i dei vietnamesiske områda. Den politiske dragkampen mellom Frankrike og Storbritannia i europeisk politikk spelte òg ei viktig rolle for spørsmålet om kontroll med sjøvegen austover.

India var "juvelen i krona"

For å forstå det britiske ønsket om kontroll over Suezkanalen og Raudehavet er det viktig å danne seg eit bilete av dei britiske interessene i dei indiske områda. Frå omkring 1750 hadde det britiske Ostindiske kompani sikra seg inntekter og kontroll i fleire indiske område. Kompaniet dreiv handel med råvarer og sal av ferdigvarer.

Frå 1858 overtok britiske styresmakter det direkte styret over områda. Den nye styreforma kom som eit svar på politisk uro i India. Indiske soldatar som tenestegjorde for britiske troppar, hadde gjort opprør. Dei reagerte på at det britiske systemet heldt indarane økonomisk og sosialt nede. Svaret dei fekk, var at landa vi i dag kjenner som Pakistan, Sri Lanka, Bangladesh og delar av Myanmar blei ein del av den kanskje viktigaste kolonien til britane – gjerne kalla juvelen i krona.

Dronning Victoria sit og arbeider ved eit bord under eit ope telt.  Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Omgrepet juvelen i krona er interessant. På den eine sida kjem namnet av at den britiske dronninga, Victoria, lét seg krone til keisarinne av India i 1877. På den andre sida fortel namnet at kolonien var sentral for den britiske imperiebygginga. Han var så viktig for britane at det vart oppretta ei eiga statsrådsstilling for indiske saker i London. Den britiske koloniguvernøren fekk tittelen "visekonge".

Etter at kolonien vart oppretta, var det heller ingen tvil om at den britiske innverknaden prega det indiske samfunnet. Engelsk språk, britiske lover og britisk kultur blei påtvinga den indiske befolkninga. I tillegg blei store grupper av unge indiske menn tvinga inn i den britiske kolonihæren. Soldatane var med på å sikre og byggje ut det britiske imperiet i land som Myanmar, Kina, Egypt, Etiopia, Sudan, Sør-Afrika og Somalia.

Tenk etter

  • Europa har tradisjonelt sett handla mykje med Asia. Er denne handelen framleis like viktig?

  • Kva rolle har Suezkanalen i dag?

  • Har Storbritannia og Frankrike framleis oversjøiske koloniar?

Kjelde

Suezkanalen (2021, 23. april). I Store norske leksikon. Hentet fra https://snl.no/Suezkanalen

CC BY-SASkrive av Nanna Paaske og Tor Ivar Utvik. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 21.10.2021

Læringsressursar

Kolonialisme og imperialisme