Hopp til innhald

Fagstoff

Ulike typar koloniar

Ein koloni er eit landområde som har mista det politiske sjølvstendet og vorte erobra av ein framand stat. Korleis desse koloniane vart styrte og administrerte, kom an på ulike faktorar. Kva var formålet med kolonien? Kor viktig var kolonien? Kva kolonimakt var involvert?
Oversiktsbilete over handelskontoret. Eit rektangulært parkliknande område med europeisk arkitektur. Nederlandske flagg. Utanfor murane er det mellom anna telt, fleire handelsskip og menneske. Nokre rir på elefantar. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Handelskoloni

Ein handelskoloni var eit område under kontroll av europeiske handelskompani. Mange av handelskoloniane hadde historiske røter tilbake til den første europeiske oversjøiske ekspansjonen som starta på 1500-talet. India er eit døme på ein koloni som i utgangspunktet var styrt av det britiske Ostindiske kompani. Dette handelsselskapet kontrollerte produksjonen og salet av bomull, te og krydder til Storbritannia. Dei sørgde òg for at britiske ferdigvarer vart selde til den indiske marknaden.

Settlarkoloniar

Settlarkoloniar var område der det var stor innvandring frå europeiske busetjarar. Europearane tok over den politiske og økonomiske kontrollen i kolonien. Algerie var ein fransk settlarkoloni. Her var det stor innvandring av franske næringsdrivande og administrativt tilsette som kom for å styrkje den franske maktposisjonen.

Protektorat

Eit protektorat er eit område som delvis er kontrollert av ein annan stat. Det kan til dømes vere tollinntektene, utanrikspolitikken eller andre sider av det politiske styret som er underlagt ein annan stat. Samtidig kan protektoratet ha råderett over andre sider ved det politiske eller økonomiske livet i landet. Protektoratet skil seg frå kolonien ved at det blir rekna som eit sjølvstendig land og ikkje underlagd kolonistaten.

Strategiske koloniar

Det låg mange motiv og interesser bak imperialismen, og han utvikla seg etter kvart til å bli eit kappløp mellom kolonimaktene. Det politiske kappløpet førte til at nokre område fekk strategisk betydning. Slik var det til dømes med dei somaliske områda som hadde ei viktig strategisk plassering nær Suezkanalen og Raudehavet ved austkysten av Afrika. Den strategiske kystlinja og nærleiken til reiseruta mot Asia gjorde området viktig for kolonimaktene.

Kart som viser plasseringa til Somalia og Djibouti ut mot Indiahavet og Adenbukta på Afrikas Horn. Kart.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Nanna Paaske og Tor Ivar Utvik. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 04.10.2021

Læringsressursar

Kolonialisme og imperialisme