Hopp til innhald

Fagstoff

Den europeiske dominansen tek form: Berlinkonferansen

I 1870 kontrollerte europearane om lag ti prosent av det afrikanske kontinentet, mens i 1914 var omtrent nitti prosent underlagd europeiske statar. Berlinkonferansen 1884–1885 var sentral for å dele Afrika opp mellom kolonimaktene. Korleis tok denne europeiske dominansen form?
Teikninga viser den tyske statsleiaren Bismarck som vil dele Afrika som ei kake. Rundt bordet sit andre europeiske statsleiarar.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den fransk-tyske krigen

Den fransk-tyske krigen 1870–1871 var ein krig mellom Frankrike på den eine sida og Preussen på den andre. Kongeriket Preussen var ein tysk stat som hadde leiarposisjon i ei samling av mindre statar som hadde gått saman i Det tyske forbundet. No gjekk prøyssiske leiarar, med politikaren Otto von Bismarck i spissen, inn for å samle desse statane og sikre seg meir økonomisk og politisk makt.

Både franske og prøyssiske styresmakter var ute etter kontroll over Alsace og Lorraine, grenseområda mellom Tyskland og Frankrike. Her var det gode kolreservar og fruktbar jord som lokka. Etter at Frankrike tapte krigen i 1871, kom områda over på prøyssiske hender. Sigeren førte dessutan til ein tettare fellesskap mellom statane som hadde kjempa saman på prøyssisk side. Etter krigen vart dei tyske statane samla til eitt tysk rike, og kong Vilhelm av Preussen vart utropt til keisar Vilhelm 1. av Tyskland.

Den vesteuropeiske jakta på koloniar

Slutten på krigen markerte eit skilje i utanrikspolitikken til dei vesteuropeiske statane. Maktbalansen frå Wienkongressen hadde endra seg med samlinga av eit sterkt Tyskland i hjartet av Europa. Fleire politikarar hadde no vorte klar over at det var vanskeleg å underleggje seg landområde og naturressursar i Europa. Mellom dei vesteuropeiske statane starta ei ny jakt på rikdom og politisk styrke utanfor eigne grenser. Først og fremst fekk dette store konsekvensar for Afrika, Asia og Sør-Amerika.

I Afrika var det i all hovudsak europeiske land som tok koloniar. Men i Asia var òg USA og Japan kolonimakter. USA hadde i tillegg koloniinteresser i Latin-Amerika. Likevel var det først og fremst britiske selskap som sikra seg kontroll over handelen med råvarer frå dei latinamerikanske områda.

Kolonialismen i Afrika

Stanley saman med sin personlege tenar og adopterte son Kalulu. Kalulu står i bakgrunnen. Stanley poserer med gevær. Foto.

Etter 1870 opplevde folk på det afrikanske kontinentet ei stadig aukande mengd av oppdagarar, vitskapsmenn, misjonærar, handelsmenn og politiske sendebod frå Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Portugal, Belgia, Spania og Italia. Stadig kom det tilreisande frå Europa som på oppdrag frå heimstatane var på jakt etter nytt land og nye ressursar. Europearane var særleg interesserte i å kontrollere dei store elvane, Kongo og Niger. Elvane var sentrale transportvegar. Dermed var det duka for konflikt mellom stormaktene i Afrika.

Berlinkonferansen

I 1884–85 samla dei europeiske stormaktene seg i Berlin for å diskutere korleis dei skulle dele det afrikanske kontinentet mellom seg. Formålet med Berlinkonferansen var å regulere det politiske spelet mellom dei europeiske statane. Den tyske rikskanslaren Otto von Bismarck ønskte også å sikre tyske område i Afrika.

Berlinkonferansen i 1884–85. Nokre representantar sit ved eit stort bord, andre peikar på eit stort kart over Afrika. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Konferansen gav fleire resultat. Tyskland fekk støtte for at dei kunne "få" nokre koloniar, mellom anna det som i dag er Tanzania og Namibia. Men konfliktane i Afrika var ikkje over. Mange av dei afrikanske grensene vi kjenner i dag, vart den gongen teikna med linjal. Landegrensene tok ikkje omsyn til kvar dei ulike folkegruppene levde og kjende seg heime. Dei tok heller ikkje omsyn til naturressursane som folket var avhengig av. Berlinkonferansen sette derfor djupe spor i mange afrikanske område. Grensene splitta folkegrupper. Slik blei det danna nye samfunn der grupper kunne opplevde at dei vart tvinga saman med tidlegare fiendar.

Konfliktane heldt også fram fordi både Frankrike og Storbritannia hadde store og motstridande planar for Afrika. Britane arbeidde for å sikre seg kontroll frå nord til sør – frå Kapp til Kairo. Tidleg på 1800-talet hadde britane hatt kontroll over store delar av dagens Sør-Afrika, Kappkolonien. Derifrå arbeidde dei seg nordover til Botswana, Zimbabwe og Zambia. Også Kenya, Uganda, Sudan og Egypt kom under britisk kontroll. I sør kjempa britiske troppar først mot den nederlandske innvandrargruppa, boarane, som hadde etablert seg i Sør-Afrika alt på 1600-talet. Men i stor grad var det den afrikanske sivilbefolkninga som fekk kjenne aggresjonen til dei britiske troppane.

Den franske strategien var å sikre seg kontroll med eit belte frå vest til aust i Afrika. Det førte til at folk i det som i dag er Algerie, Tunisia, Mauretania, Mali, Niger og Tsjad miste kontrollen over områda sine. Strategien førte òg til at dei franske troppane støytte på britiske troppar i Sudan i 1889. No var ein europeisk krig i Afrika nær føreståande, men britane var militært overlegne, og franskmennene trekte seg.

Kart over Afrika som viser  områda til kolonimaktene i 1913. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk etter

  • Korleis trur du folk i Afrika reagerte på Berlinkonferansen?

  • Kva konsekvensar fekk den europeiske erobringa av Afrika?

Kjelder

Fransk-tyske krig (2020, 12. desember). I Store norske leksikon. https://snl.no/Fransk-tyske_krig

Palmer, R. R., Colton, J. Kramer, L. (2002). A history of the modern world (ninth edition). McGraw-Hill. New York.

Sæbø, M. (2019, 3. januar). Berlinkonferansen. I Store norske leksikon. https://snl.no/Berlinkonferansen

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik og Nanna Paaske. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 21.10.2021

Læringsressursar

Kolonialisme og imperialisme