Hopp til innhald

Fagstoff

Motiv og drivkrefter bak imperialismen

Perioden mellom 1870 og 1914 blir ofte kalla imperialismens tidsalder. I denne perioden ekspanderte europeiske stormakter kraftig i Afrika, Asia og Amerika. Kvifor skjedde dette? Kva var motiva og drivkreftene bak imperialismen?
I det romslege fabrikklokalet er det store spinne- og vevemaskiner.  Minst ei av dei som er med på biletet, ser ut til å vere eit barn. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samansette årsaker til imperialisme

Den industrielle revolusjonen var både ein føresetnad for og ei årsak til imperialismen. Den industrielle revolusjonen skapte ny teknologi, moglegheiter for økonomisk gevinst, og han opna globale marknader. Jakta etter ressursar og nye marknader utanfor eigne grenser vart ei drivkraft for oversjøisk ekspansjon. Teknologisk utvikling av raskare kommunikasjon og moderne våpen gjorde at samfunn som vart invaderte, hadde små sjansar til å stå imot europearane.

Den fransk-tyske krigen og samlinga av Tyskland

I 1871 vart Tyskland samla til ein stat under Otto von Bismarcks leiing. Samlinga vart gjennomført gjennom tre krigar, der spesielt den fransk-tyske krigen, 1870–1871, fekk stor betydning. Etter at Frankrike var overvunne, vart keisardømmet Tyskland oppretta med Vilhelm 1. som keisar.

Portrett av den første tyske keisaren, Vilhelm 1. Han har uniform med ei mengd medaljar og utmerkingar, prangande epålettar  og hjelm med ein høg metallpigg på toppen. Foto.

Frankrike måtte avstå dei ressursrike områda Alsace-Lorraine i tillegg til at dei måtte betale krigsskadeerstatning. Nederlaget var audmjukande, og Frankrike var forbitra og kjende hemnlyst overfor det nyoppretta tyske keisardømmet. Etter Tysklands samling verka denne nye staten som Europas nye økonomiske, politiske og militære stormakt.

Økonomisk var Tysklands industrielle utvikling i andre halvdel av 1800-talet i ferd med å overgå Storbritannia. Etter at Vilhelm 2. overtok som keisar i 1888, gjekk Tyskland i ei meir aggressiv og militarisert retning. Keisar Vilhelm 2. drøymde om eit stort tysk imperium og førte ein aggressiv imperialistisk kolonipolitikk. Den tyske hæren og flåten vart vesentleg bygd ut og oppgradert på slutten av 1800-talet.

Nasjonalisme og stormaktsrivalisering

Blant dei europeiske stormaktene forgjekk ei omfattande rivalisering om territorium fram mot første verdskrigen. Ved å leggje under seg koloniar og landområde hevda dei ulike europeiske statane statusen sin som sterke og mektige statar. Dei nye nasjonalstatane Italia og Tyskland ville bli anerkjende stormakter og kasta seg etter kvart inn i kolonikappløpet, mens Frankrike ønskte oppreisning etter nederlaget i den fransk-tyske krigen. Storbritannia ønskte å erobre landområde, mellom anna for å sikre seg kontroll over sjøvegen til India, men også på grunn av aukande frykt for flåteopprustinga til Tyskland.

I tillegg til å rivalisere om kontrollen over koloniar var stormaktene opptekne av å fremje den dominerande stillinga for sin eigen kultur. Stoltheit og ære knytt til eigen kultur var ei av drivkreftene bak stormaktsrivaliseringa. Erobring av oversjøiske koloniar vart sjølve målestokken for ei ambisiøs stormakt. Imperialistisk tankegang vart sett på som noko positivt på 1800-talet.

Rasisme og sosialdarwinisme

Nasjonalismen og imperialismen vart etter kvart gjennomsyra av rasisme. Darwins lære vart, i det som vart kalla , brukt for å grunngi at kvite europearar var overlegne andre folk. Denne læra byggjer på ei feilslutning av Darwins utviklingslære, men ho vart brukt for å legitimere den erobringa av koloniar europearane stod for.

Ifølgje sosialdarwinismen hadde den vestlege sivilisasjonen utvikla seg til den mest avanserte, og det kom av at den kvite mannen hadde nådd eit høgare utviklingsnivå enn andre. Imperialistane hevda dei hadde både ei moralsk plikt og ein byrde til å sivilisere, altså å oppdra, andre folkeslag. I Europa vart det i liten grad reist kritikk mot denne tankegangen – eller mot imperialismen i det heile.

Tenk etter

  • Kvifor var ikkje folk på 1800-talet meir kritiske til imperialismen?

Religion, misjonering og idealisme

Europearane auka òg innverknaden sin over koloniane gjennom religion og idealisme. Europeiske misjonærar forkynte kristendommen for dei innfødde i koloniane, og skular vart oppretta med undervisning av fag etter europeisk modell. Dei kristne såg også på omvending av ikkje-kristne som eit mål i seg sjølv, og som ein føresetnad for at folket skulle bli "sivilisert".

Ved sida av kristendom vart òg kolonilanda påverka av europeiske politiske idear. Dette gjaldt i første rekkje ein elite blant kolonibefolkninga som fekk utdanning ved europeiske universitet.

Befolkningspress

Ei av årsakene til imperialismen var den sterke befolkningsauken i Europa på 1800-talet. Auka folketal og press på ressursane førte til stor utvandring, spesielt til USA, men også til Sør-Amerika, Asia, Oseania og Afrika.

Befolkningsveksten gjorde at fleire unge menn kunne sendast på erobringstokt og til busetjingar i nye område. I mange europeiske land var makta til adelen på 1800-talet svekt, eller heile systemet med adel var avskaffa. For den adelen som var att, vart viktige stillingar i koloniadministrasjonen ei moglegheit til framleis å spele ei rolle i det øvste sjiktet i samfunnet.

Fleire kvinner og menn som tydeleg representerer ein overklasse. Alle er kledde i fine klede. Kvinnene og jentebarna har hattar.  Dette er britisk overklasse på slutten av 1800-talet. Det ligg ein stor, sovande hund i forkant, og ein av mennene har føtene på eit tigerskinn som ligg på golvet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelder

Fransk-tyske krig (2020, 12. desember). I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/fransk-tyske_krig

Schrumpf E., Bull, E., Tvedt, K., A. (2021, 22. juni). Den industrielle revolusjonen. I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/den_industrielle_revolusjon

Palmer, R. R., Colton, J. Kramer, L. (2002). A history of the modern world (ninth edition). Mcgraw-Hill. New York.


Relatert innhald

For å forstå kvifor imperialismen kunne skje i tidsrommet 1870–1914, er det viktig å gjere seg kjend med nokre av føresetnadene for imperialismen.

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 05.01.2022

Læringsressursar

Kolonialisme og imperialisme