Hopp til innhald

Fagstoff

Føresetnader for imperialismen

For å forstå kvifor imperialismen kunne skje i tidsrommet 1870–1914, er det viktig å gjere seg kjend med nokre av føresetnadene for imperialismen.
Fabrikkar og hus i Sheffield, England, 1884. Fabrikkane ligg ved ei elv og det går ei bru over elva. Det er mykje røyk frå pipa. Illustrasjon i svart-kvitt.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etterspurnad etter råvarer og nye marknader

Den industrielle utviklinga i Europa på 1800-talet førte til ein enorm økonomisk vekst og aukande etterspurnad etter råvarer til industrien. Døme på slike råvarer var bomull, metall og naturgummi som i stor grad var å finne i Sør-Amerika, Afrika og Asia. Europeiske kapitalistar var heile tida på utkikk etter nye stader å investere og hadde samanfallande interesser med statsleiarar og politikarar som ønskte å påvirke ut over eigne grenser. I tillegg var det ambisjonar om å etablere marknader for å selje industriprodukt utanfor Europa. Spesielt Afrika var interessant, sidan store delar av kontinentet hittil var urørt av europearar.

Betre kommunikasjon

Utviklinga av telegraf, og etter kvart telefon, batt Europa saman med omverda på ein heilt ny måte. Nye transportmiddel, som dampskip og jernbane, spelte ei viktig rolle ved at folk og varer kunne transporterast langt raskare og billigare enn før.

Infrastrukturen, altså det som trengst for at samfunnet skal fungere, vart òg utbygd i koloniane, men då i første rekkje for at eksport av råvarer tilbake til moderlandet og marknadene kunne skje meir effektivt. Infrastrukturen var altså tilpassa interessene til europearane.

Våpen og militær overmakt

Europearanes militære overmakt spelte ei betydeleg rolle i erobringa av koloniar: Gevær, kanonbåtar og mitraljøser, og dessutan effektiv militær organisering, gjorde at europearane kunne vinne slag og ta over landområde med langt færre soldatar enn det lokalbefolkninga rådde over. I tillegg vart ofte ulike folkegrupper spelte ut mot kvarandre slik at motstanden mot europearane vart svekt.

Medisinske framsteg

Kininplante. Planta har lang stilk, blad, rosa blomstrer og blå avlange bær. Illustrasjon.

Lenge var sjukdommar som malaria den fremste avgrensinga for europearane for å leggje koloniar under seg i Afrika. Spanjolane vart først kjende med sjukdommen på 1600-talet, men tilgang til legemiddelet kinin, som blir vunne ut frå kinabark, bidrog til å kunne rå med malariaen. Slike medisinske framsteg bidrog til at koloniane kunne utvidast frå handelsstasjonane ved kysten til kolonisering av innlandet som tidlegare vart karakterisert som "den kvite mannens grav".

Korleis var Afrika før europearane kom?

Før imperialismens tidsalder var Nord-Afrika godt kjent for europearane sidan desse områda var ein del av det arabiske kulturområdet i Midtausten. Med unntak av kysten var dei fleste områda sør for Sahara på den andre sida i stor grad ukjente før oppdagingsreisande og misjonærar kom til Afrika på 1800-talet.

Sjølv om det i mellomalderen voks fram store og velorganiserte rike i delar av Afrika, spesielt i vest og sør, levde dei fleste afrikanarane av jordbruk, jakt og fiske på 1800-talet. Det var få statsdanningar, og teknologisk låg desse områda etter Europa som hadde vore gjennom ei omfattande industrialisering.

Mangelen på sterke statar i Afrika kan ha vore ein medverkande faktor til at erobringa av kontinentet skjedde såpass raskt. I Asia var det på den andre sida sterkare statsmakter, og i desse områda opplevde europearane mykje meir organisert motstand mot imperialistane.

Tenk etter

  • Kunne imperialismen i perioden 1870–1914 skjedd utan den industrielle revolusjonen?

  • Korleis ville Afrika vore i dag om ikkje mesteparten av kontinentet hadde vorte underlagt europeisk styre?

Kjelder

Schrumpf E., Bull, E., Tvedt, K., A. (2021, 22. juni). Den industrielle revolusjonen. I Store norske leksikon. Henta frå https://snl.no/den_industrielle_revolusjon

Palmer, R. R., Colton, J. Kramer, L. (2002). A history of the modern world (ninth editio). Mcgraw-Hill. New York.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 20.10.2021

Læringsressursar

Kolonialisme og imperialisme