Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kolonimaktene i Afrika

Imperialisme og kolonialisme på slutten av 1800-talet førte til at nesten heile Afrika vart underlagd europeiske statar. Denne raske erobringa blir ofte kalla nyimperialisme. Kva for europeiske statar var involverte i koloniseringa av Afrika, og kva var måla deira?
Både menn og kvinner i ulike klede står ved eit jernbanespor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Afrika

I kartet nedanfor ser du ei oversikt over kvar europearane hadde koloniar i Afrika på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Klikk på boksen i høgre hjørne på kartet for å få kartet i fullskjerm. Deretter klikkar du på plussteikna for å få meir informasjon om kolonimaktene.

Oppgåve 1

Frankrike og Storbritannia hadde overlappande interesser i Afrika. Undersøk om det finst døme på konfrontasjon mellom franske og britiske soldatar i Afrika på 1800-talet.

Oppgåve 2

Koloniseringa av Kongo blir ofte drege fram som eit av dei mest brutale døma på europeisk kolonisering og imperialisme. Undersøk korleis kong Leopold 2. av Belgia koloniserte Kongo.

Oppgåve 3

Tyskland kom seint med i kappløpet om Afrika. Undersøk kvifor Tyskland ikkje vart med frå starten, og korleis keisar Vilhelm 2. endra mykje av tysk imperialistisk tankegang.

Oppgåve 4

Etiopia og Liberia vart ikkje koloniserte av europeiske statar på slutten av 1800-talet. Undersøk kvifor desse to områda var unntaka.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 22.10.2021

Læringsressursar

Kolonialisme og imperialisme