Hopp til innhald
Oppgåve

Imperialisme til alle tider?

Det er mogleg å argumentere for at imperialisme ikkje var eineståande for perioden 1870–1914. I denne oppgåva skal du sjå om du finn døme på liknande fenomen i historia.

Definisjon av imperialisme

Ifølgje Store norske leksikon er imperialisme "politikk som føres av en stat når den underlegger seg, eller forsøker å underlegge seg, andre stater og samfunn og former dem i sitt eget samfunnsbilde, ofte med religiøs eller ideologisk inspirasjon".

Oppgåve

  1. I eldre historie, altså perioden før den industrielle revolusjonen, har vi hatt fleire store imperium som Romarriket eller Det osmanske riket. Ta utgangspunkt i eitt av desse imperia og undersøk om politikken dei førte mot andre, kan kallast imperialisme?

  2. Finst det døme i verdshistoria der religion har vore utgangspunkt for imperialistisk tankegang?

  3. Ta utgangspunkt i definisjonen av imperialisme. Er det nokon statar i dag som driv med imperialistisk politikk?

  4. Drøft følgjande påstand: Imperialisme har eksistert til alle tider og vil alltid vere eit mål for stormakter.

Kjelde

Knudsen, O.F. (2021, 6. juli). Imperialisme. I Store norske leksikon. https://snl.no/imperialisme