Hopp til innhald

Fagstoff

Verknadene av imperialismen

Det er ingen tvil om at stormaktene i Europa skaffa seg ein global dominans i perioden 1870–1914. Verda vart tettare knytt saman, men konsekvensane av imperialismen var store. Kva vart verknadene av imperialismen i Europa, Afrika og Asia?

Europa

Konsekvensane av imperialismen for Europa er samansette og avhengig av kva ein fokuserer på, og kva kolonimakt det er snakk om. Likevel er det heva over all tvil at europeiske kolonimakter kom betre ut av perioden enn dei koloniserte områda.

Kolonikappløpet bidrog til å skjerpe motsetningane mellom dei europeiske stormaktene. Samarbeid og kommunikasjon var vanskeleg og vart erstatta med militær opprusting, mistillit og alliansebygging. I perioden 1870–1914 hadde Europa vorte eit kontinent dominert av nokre få stormakter som delte seg i to store alliansar for å prøve å halde oppe ein slags maktbalanse. På denne måten var imperialismen ei av dei underliggjande årsakene til første verdskrigen.

Råvarene og ressursane frå koloniane var heilt nødvendige for europeisk industri på slutten av 1800-talet og slik særs viktig for økonomien. Likevel var utgiftene til drift og administrasjon av koloniane i mange tilfelle høge. Dei fleste koloniane vart heller ikkje viktige marknader for europeiske industrivarer. Det var altså ikkje slik at alle koloniane var økonomisk lønnsame for stormaktene i Europa.

Satirisk teikna kart over Europa 1870. Tittelen er *Det siste krigskartet over Europa*. England er isolert, sint og gløymer nesten Irland. Spania røykjer samtidig som det lener seg mot fattige Portugal. Frankrike slåst mot det invaderande Preussen, som på si side held ei hand over Nederland og ei hand over Austerrike. Italia seier til Bismarck: "Fjern foten". Korsika og Sardinia ler av alt. Danmark mistar ein fot i Holstein, men håpar å få han tilbake. Den europeiske delen av Tyrkia gjespar og vaknar. Den asiatiske delen av Tyrkia røykjer vasspipe. Sverige hoppar fram som ein panter. Russland liknar på ein skrotplukkar som ventar på sjansen til å fylle lommene. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk etter

Imperialisme blir ofte drege fram som ei av årsakene til første verdskrigen. På kva måte heng desse to temaa saman?

Afrika

Innan 1913 var heile Afrika, utanom Liberia og Etiopia, kolonisert av framande makter. Dei europeiske stormaktene delte områda mellom seg, stammesamfunn vart splitta, og tradisjonelle samfunn vart øydelagde. Det vart ikkje teke omsyn til kulturell, etnisk eller geografisk tilhøyrsel. Dette har fram til i dag bidrege til fleire borgarkrigar og mellomstatlege krigar på kontinentet.

Imperialismen har påverka sjølvoppfatninga i koloniane og er ei av årsakene til rasisme i dag. Lokalbefolkningane vart påtvinga språk, klede og utdanning av kolonistane. Mange folkegrupper har kjent på mindreverd og må ha kjent seg underlegne dei vestlege kolonimaktene. Til dømes var det vanleg på 1800-talet å omtale afrikanarar i koloniane som late og passive. Dette er karakteristikkar som i enkelte miljø framleis lever i dag.

Ein verknad av kulturmøte mellom Afrika og Europa var dei mange brutale overgrepa sivilbefolkninga vart utsett for. Kong Leopold 2. av Belgia etablerte Fristaten Kongo i hjartet av Afrika. Leopold vurderte Kongo som den personlege eigedommen sin og styrte kolonien med ein usedvanleg brutalitet. Spesielt gummiplantasjane var berykta for umenneskeleg behandling av tvangsarbeidarane. Pisking og avhogging av hender var vanlege straffemetodar.

Bilete av ein misjonær som peikar på ei avkutta hand til ein kongolesisk mann. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Imperialismen innebar ei økonomisk utbytting som fekk katastrofale konsekvensar for Afrika. I realiteten var dette ei fortsetjing av utbyttinga som hadde gått føre seg på kontinentet sidan 1600-talet, der Afrika vart tappa for arbeidskraft gjennom slave- og trekanthandelen. Kolonistane tok ut råvarer og ressursar som vart foredla i Europa, og hindra på denne måten industrialisering av koloniane. Dei vestlege industristatane produserte ferdigvarer, mens koloniane produserte råvarer. Denne internasjonale arbeidsdelinga, der dei industrialiserte statane sat med fordelane, har ført til at ressursane i verda framleis er skeivt fordelte. Mange av årsakene til dette kan sporast tilbake til koloniseringa og imperialismen på 1800-talet.

Tenk etter

Korleis har kulturmøte mellom Europa og Afrika sett djupe spor i Afrika?

Asia

Det er likskapstrekk mellom konsekvensane av imperialismen i Afrika og Asia, men det er nokre forskjellar. Dette heng saman med at imperialismen arta seg annleis i Asia enn i Afrika.

I Afrika var hovudsakleg vest-europeiske stormakter med koloniale ambisjonar representerte, mens i Asia var òg Russland, USA og Japan involverte. Sjølv om det var fleire stormakter som ønskte innverknad i Asia, var det fleire område som ikkje vart direkte underlagde kolonialt styre. Dette har ein samanheng med at det var sterkare statsdanningar i Asia, og enkelte statar klarte å motstå vestleg imperialisme. Japan er eit døme på ein stat som både beheldt sjølvstendet sitt, og som sjølv vart ein imperialist i Asia.

Kina vart ikkje ein koloni, men mista mykje av sjølvstendet til både europeiske statar, Japan og USA på 1800-talet. Kolonimaktene brukte militærmakt til å skaffe seg kontroll over handelen i Kina utan å måtte ta territorial kontroll over området. India, på den andre sida, vart underlagd og direkte styrt av Storbritannia.

Tenk etter

India blir ofte beskrive som juvelen i krona for det britiske imperiet. Kvifor det, trur du?

Finst det positive verknader av imperialismen?

Imperialismen og koloniseringa har sett varige spor etter seg og førte til store negative konsekvensar for koloniane. På den andre sida er det andre som har lagt vekt på at det kom noko bra ut av koloniseringa.

Imperialismen og koloniseringa førte til rask modernisering av dei kolonialiserte områda, og det vart eit gode for mange menneske. Jernbanar og skular vart etablerte, og medisinar vart distribuerte. Mange stader erfarte menneske å få betre vern. Nye lover og eit fungerande rettsapparat dempa valdsbruken og sikra mange sivile mot inhumane tradisjonar. Ikkje minst var det ein fordel med fastsette lover for eigedom og ressursbruk i område der private selskap ønskt å etablere seg. Europeiske kolonileiarar etablerte òg byråkrati i ei rekkje statar. Slik vart det mogleg å koordinere handel, skule, helsestell og kontakt over større område.

Verknadene av imperialismen er altså samansette. Ulike europeiske strategiar gav ulike konsekvensar. Ikkje minst hadde det mykje å seie kva slags samfunn europearane møtte.

Misjonærar går om bord i eit damptog i Belgisk Kongo på byrjinga av 1900-talet. Ei gruppe kongolesarar kledde i vestlege klede følgjer med. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk etter

  • Korleis trur du menneska i koloniane oppfatta europearane?

  • På kva måte tente utbygging av infrastruktur og modernisering av koloniane først og fremst kolonimaktene?

Kjelder

Godbolt, J. (2021, 10. juni). Kolonialisme. I Store norske leksikon. https://snl.no/kolonialisme

Palmer, R. R., Colton, J. Kramer, L. (2002). A history of the modern world (ninth edition). Mcgraw-Hill. New York.

Relatert innhald

I denne oppgåva skal du utforske nærare imperialismen i Asia på 1800-talet.

CC BY-SASkrive av Tor Ivar Utvik og Nanna Paaske.
Sist fagleg oppdatert 22.10.2021

Læringsressursar

Kolonialisme og imperialisme